Sommar på Telemarkstunet

Publisert: 22.07.2021 15:07

Telemarkstunet er eit aktiv tun med aktivitetar for barn og vaksne. Handverksutsal, steinomnsbakeri, fleire utstillarar og sandkasse heile sommar. Ta med heile familien til ein koselig utedag med kjøp og sal av brukte ting, lokalmat, handverk og musikk!

Telemarkstunet er kjent for sine sommeraktiviteter. Her er det handverksutstilling på Låven, sandkasse ute, vedfyrt steinovnsbakeri og kiosk i Eldhuset med salg av ferske bakevarer kvar dag gjennom heile sommaren.

Vil du vere med på tunet som utstillar eller musikar? Her kan du lese invitasjonen til handverkarar og musikarar.

Om sommaren er det geiter på tunet, og du kan også gå Beverstien – ein natursti med informasjon om natur og kultur.

Det er gratis entré på Telemarkstunet.

Omtrent ein gong i månaden er det konsert i Årestoga i regi av Folkemusikkscena på Rauland. Etter konsertane er det kro med dans i Gardsjordstoga.

PS! Ein kan også leige lokale på Telemarkstunet om ein vil arrangere eit kurs eller ein fest der ein legg inn ein del aktivitetar, t.d. baking i Eldhuset, røyking av kjøt og fisk i Badstoga eller selskap i Gardsjordstoga. Ta kontakt med kontoret på Raulandsakademiet, tlf 35 07 32 92.