søndag 26. juli, kl 19:00

Brodering av bunadskjorte frå Aust-Telemark

Start dato: 23.7.2020
Slutt dato: 26.7.2020
Kursnr.: 2036
Lærar: Liv Berit Kaasa
Påmeldingsfrist: 11. juni

 

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

liv berit kaasa artikkel i norsk husflid 2017
Artikkelen er gjengitt med tillatelse frå Norsk Husflid.

På kurset lagar du prøvelappar til fylgjande teknikkar: Smøyg, plattsaum og holbeinsting.

I tillegg klargjering for broderi på ein kvale. Det vil sei musetaggar og kvalesaum som må gjerast fyrst før du kan gå i gang med sjølve brodering. Brodering av kvale blir gjort på dobbelt stoff.

Liv Berit Kaasa har svennebrev innan bunadstilvirkarfaget og har sydd bunader sidan 1960. Både beltestakk, aust-Telemark bunad og herrebunad. Ho har samla omlag 400 mønster til bunadsskjorter, mellom anna ca 230 smøygkragar.

Kurs frå Torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 11. juni.

Spesielle krav: Du må ha godt syn , ta med lupe dersom naudsynt.

Antal timar 22

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid:
Torsdag kl 19-21
Fredag – laurdag kl. 8.30-16. Sundag kl. 8.30-15. Lunsjpause 12 -13

Studiematriell:

Ta med

– Kanavanåler, spisse og butte nr 25 eller nr 26Stopperamme eller broderiramme.
– Sylupe (lampe) eller gode briller dersom du treng.
– Linstoff, 14 – 18 trådar per cm. begge vegar, (renning og innslag)
– Mouline garn og lin brodergarn (frå Handarbetets venner) og /eller silke broderigarn.

Liv Berit Kaasa tek med linstoff og garn for salg.

Pris for material: Ca kr 100.-

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Fellesundervising og individuelle rettleiing.

Pris: Kurs kr. 4200,-

Opphald og mat 3 døger kr 3450,- (1150,- pr døger, kurspakke)

Lærar: Liv Berit Kaasa

Tlf.: 93492742

Adresse: Hørtevegen 363, 3810 Gvarv

Liv Berit har ikkje e-post.

Datosøndag 26. juli
Tidspunktkl 19:00 - 15:00