Heiskort
Sommarkurs på Raulandsakademiet
Drøymer du om å lære noko nytt i sommar? På Raulandsakademiet kan du fordjupe deg i tradisjonshandverk, folkekunst, tekstil, mattradisjonar, song og mykje meir – i inspirerande omgjevnader midt i fjellbygda Rauland.
Kvar sommar samlar Raulandsakademiet deltakarar frå heile landet til kurs med dyktige lærarar og fagpersonar. Her får du høve til å utvikle ferdigheiter, møte likesinna og oppleve eit levande miljø der tradisjonar og skaparglede står i sentrum.
Her vil du finne kurs som:
- Smiing – knivblad og eggverktøy
- Maskinstrikking
- Pilfletting
- Brodering av bunad
- Snekkarkurs
- Redesign
- og mykje meir!
Kursa varierer frå korte helgekurs til lengre vekeskurs, og passar både for nybyrjarar og dei som ønskjer fagleg påfyll. Mange av kursa fyller seg raskt opp, så det løner seg å vere tidleg ute med påmeldinga.
Sjå kurskatalog og påmelding her!

Pilfletting er eit av fleire tradisjonshandverk du kan lære på Raulandsakademiet i sommar.
