Fargerike bånd med flettede knuter på grå bakgrunn, en rød-hvit og en blå-hvit.

Oppfylgingskurs – sokkeband

Publisert: 20.04.2026 20:04

Nye sokkeband til 17.mai? No har du sjansen! Nytt kurs andre helga i mai. 

Åse Marit vil ha eit oppfylgingskurs i slenging av sokkeband.

Du som var på kurs i februar kan no arbeide vidare med sokkebanda dine, med rettleiing av Åse Marit.

Sjølv om det i hovudsak er påbygging frå førre kurs vil det bli opna for at nybyrjarar kan melde seg på, sidan kurset startar med litt repetisjon og spørsmål frå førre kurs.

Elles vil ho fokusere på snuing/midten på sokkebandet og avsluttinga av bandet.

Stad: Raulandsakademiet
Tid: Laurdag 9.mai-sundag 10.mai.
Kl.slett: Laurdag 10.00- 17.00
Sundag kl. 09.00-14.00

Pris kurs: 1600 kr (tot. 12 timar)

Ta kontakt for overnatting og måltid.

Påmelding innan: 30.april 2026 til post@raulandsakademiet.no

Rosa og blå strikkede dusker på brun bakgrunn, fargerik tekstur av håndlaget garn.