torsdag 31. oktober

Kalligrafi og brodering til jul

 

Start dato: 31.10.2019
Slutt dato: 3.11.2019

Lærar: Barbro Storlien og Borghild Telnes

Kurs nr 1951

Påmeldingsfrist 19. september 

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

Om kalligrafidelen:

Førjulstida er den tida på året då me framleis tek fram penn og papir og sender nokre julekort. Dei aller fleste skriv i alle fall nokre namn på pakkelappane. I vår digitale tastekvardag treng me av og til å stanse opp og bruke litt meir tid på handskrifta vår. På kurset får du innføring i kalligrafiteknikkar du kan bruke i juleførebuingane. Med inspirasjon frå italicskrifta lagar me pakkelappar, julekort og julepynt i papir. Me trenar på å skrive med breidpenn og lærer korleis ein kan bruke pennen til å lage ulike bordar og enkel ornamentikk. Det vert også høve til å trykke enkle motiv med stempelblokker kurshaldaren har skore ut til å trykke med på julekort, pakkelappar og innpakkingspapir. Du treng ikkje å kunne noko om kalligrafi frå før for å få utbytte av kurset.

Om broderidelen:

I ei hektisk førjulstid kan det vera godt å setja av litt tid til å skape noko varig, og eit handarbeid er ei god avveksling frå ein travel kvardag. På kurset syr og broderar vi hjarter, korger og annan julepynt. Med inspirasjon frå gamal pynt og kalligrafiens mjuke svinger lager vi ny pynt som kan vera til glede i mange år. Sjølve arbeida er i ull, men vi nyttar broderigarn i ull og silke, perler og paljettar

Du treng ikke kunne brodere for å gå på kurset, det vil vera ei grunnleggjande innføring i ulike teknikkar.

Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 19. september.

Kursplan:

Mål:

Ant. timar med lærar 22

Spesielle krav: Godt syn/gode briller. Det held det at du som deltakar er motivert og har lyst til å lære.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid
Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.
Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Sundag : kurs 0830-1500. Lunchpause 1200-1245

Studiematriell:

Materialpakke til kalligrafi kostar ca kr 350. Pakka inneheld: kalligrafipenn m/ulike splittar, mønsterark, farga og kvitt papir i ulike gramvekter, limstift, hobbykniv, blandepensel, finare pensel, dobbelsidig tape og trykkfarge og temperafarge du brukar på kurset.

Ta med saks, linjal og korg eller boks til å ha arbeida dine i.

Materialpakke for broderidelen. Lærar har med materialpakker som kostar kr 350 og inneheld påteikna ullstoff, broderigarn i ull / silke, nål og tråd til samansying.

Du treng å ta med stoffsaks og noko å skrive på og med.

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Fellesundervisning og individuell rettleiing.

Pris: Kurs kr 4000,- Opphald og mat i 3 døger kr. 3270,- (1090 per døger)

Lærarar

Borghild Telnes   Tlf.: 35052920 mob. 48030097

Adresse: Firingan, 3840 Seljord

E-post: [email protected]

Web site: www.firingan.com

Facebook: Firingan Kalligrafi

sjå bilete frå utstilling I Japan som Borghild er med på haust 2016 https://www.facebook.com/borghild.telnes?fref=ts

 

Barbro Tronhus Storlien,tlf 99 79 82 92

Adresse: Nedre Måsan 15 H, 1385 Asker

E-post: [email protected]

Instagram: fru_storlien

Blogg: frustorlien.blogspot.com

Facebook: som Barbro Tronhuus Storlien og bloggsiden Fru Storlien

Twitter: Fru Storlien

Datotorsdag 31. oktober
TidspunktHele dagen