Kjenner du nokon som har veldig lyst å lære noko nytt? Eller nokon som har alt frå før? Kanskje dei skal få eit kurs i gåve?
Sjå det store utvalet av sommar- og haustkurs ved Raulandsakademiet på kurssida vår! Vi jobber nå med kurskatalog for 2023 – den kjem ut i desember.
Du kan bestille gåvekort no og la den heldige velje kurs sjølv. Våre kurs varer 3 eller 6 dager. Du kan gje berre kurset eller kurs med ein kost/losji-pakke. Dei fleste kursa går om sommaren (frå slutten av juni og heile juli) og det er tre kurshelgar på hausten.
3-dagars kurspakkar:
Berre kurs: 4400 kr
Kurs med overnatting (i enkeltrom) og fire måltid om dagen: 8000 kr
Kurs med lunsj og ettermiddagskaffi: 5100 kr
6-dagars kurspakkar:
Berre kurs: 6500 kr
Kurs med overnatting (i enkeltrom) og fire måltid om dagen: 13 700 kr
Kurs med lunsj og ettermiddagskaffi: 7950 kr
Merk at dei fleste kurs har materialkostnader som kjem i tillegg.
Korleis bestille gåvekort:
Send epost til post@raulandsakademiet.no
Vi treng informasjon om deg som bestiller og den som skal få gåvekort.
Om deg: Namn, epost-adresse, postadresse, postnr. og stad, telefonnr.
Om den som skal få gåvekort: Namn, epost-adresse, postadresse, postnr. og stad, telefonnr., fødselsdato
Gåvekort og faktura blir sendt til deg som bestiller.