Kjenner du nokon som har veldig lyst å lære noko nytt? Eller nokon som har alt frå før? Kanskje dei skal få eit kurs i gåve?
Sjå det store utvalet av sommar- og haustkurs ved Raulandsakademiet på kurssida vår! Me jobber no med kurskatalog for 2026 – den kjem ut i desember.
Du kan bestille gåvekort no og la den heldige velje kurs sjølv. Våre kurs varer 3 eller 6 dager. Du kan gje berre kurset eller kurs med ei kost/losji-pakke. Dei fleste kursa går om sommaren, frå veke 26 til og med veke 30 og i veke 41, haustferien.
3-dagars kurspakkar:
Kurs: Kr 5400
Overnatting og fire måltid (frokost, lunsj, ettermiddagskaffi og middag) om dagen: Kr. 10185,-
Kurs med lunsj, ettermiddagskaffi og middag: Kr 7005,-
Kurs med lunsj og ettermiddagskaffi: Kr. 6180,-
6-dagars kurspakkar:
Kurs: Kr 8500,-
Kurs med overnatting og fire måltid (frokost, lunsj, ettermiddagskaffi og middag) om dagen: Kr 18 070,-
Kurs med lunsj, ettermiddagskaffi og middag: Kr 11 770,-
Kurs med lunsj og ettermiddagskaffi: Kr- 10 120,-
Merk at dei fleste kursa har materialkostnader som kjem i tillegg.
Korleis bestille gåvekort:
Send epost til post@raulandsakademiet.no
Me treng informasjon om deg som bestiller og den som skal få gåvekort.
Om deg: Namn, epost-adresse, postadresse, postnr. og stad, telefonnr.
Om den som skal få gåvekort: Namn, epost-adresse, postadresse, postnr. og stad, telefonnr., fødselsdato
Gåvekort og faktura blir sendt til deg som bestiller.
Melder ein seg på før 1.mars får ein 10% rabatt på kursavgifta til sommarkursa, og før 1.juni til haustkursa.




