Nyttig info for deg som vil på kurs

Publisert: 28.01.2025 08:01

Slik melder du deg på kurs

Finn kurset du er interessert i på kurslista og fyll ut påmeldingsskjema.  Det er bindande påmelding.

Ikkje vent for lenge med å melde deg på! Dei mest populære kursa blir fort fulle. Påmeldingsfrist er 4 veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar, tek vi imot påmelding fram til kursstart.


Kursavgift 2025:

3-dagarskurs: 5400
6-dagarskurs: 8500
Lafting med rundtømmer (14 dagar): 17000
Enkelte kurs har eit anna beløp på kursavgift, sjå i kurskatalogen for kvart kurs.

Når startar kursa og når sluttar dei?

Det er fellesinformasjon kl. 15.15 fyrste kursdagen. Deretter er det undervisning med lærar frå kl. 1530-18.00 den fyrste dagen. Dei andre dagane er det undervisning kl. 08.30-16.00. Du kan arbeide på verkstaden frå kl.08.00 og fram til kl. 22.00 på kvelden. Kursa avsluttar kl. 12 siste dagen. Dette gjeld både kortkurs og langkurs.

Kortkurs startar torsdag og held på til sundag (4 -dagars kurs).

Langkurs startar måndag og held på til sundag (6-dagars kurs).

4- dagarskursa har 21 timar undervisning og 6-dagarskursa har 40 timar undervisning.


Kva dekker kursavgifta?

Kursavgifta dekker kurs og verkstad. På nokre kurs må du rekne med materialkostnader. Informasjon om materialkostnader finn du på kurssida til det aktuelle kurset, eller ved å tak kontakt med kurshaldar.
Informasjon om overnatting og mat finn du litt lenger ned på sida.

 

 Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker.

Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.

Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.

Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.

Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.

Generell informasjon:

Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.

Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.

Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.

Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.


Kven kan melde seg på kurs?
Kursa er ope for alle som har lyst til å lære. Aldersgrense kjem litt an på kurset, men som regel 12 år og oppover.


Gåvekort

Du kjenner sikkert nokon som hadde hatt glede av å få eit kurs i gåve, og då kan du bestille gåvekort! Ta kontakt med oss på e-post: post@raulandsakademiet.no. Me treng namn på den heldige, kor gåvekortet skal sendast og kven som skal betale.

Overnatting og mat

Du kan bestille overnatting og mat på Raulandsakademiet. Det kostar kr. 1595 per døgn for kursdeltakarar (kurspakke). Det blir servert 4 måltid per dag: Frukost, lunsj, ettermiddagskaffi/-måltid og middag.

Raulandsakademiet er ope for overnatting heile året og er medlem i Norske Vandrerhjem. Det er 49 rom fordelt på enkeltrom, enkeltrom med sovesofa, tomannsrom og nokre familierom – alle med dusj og toalett.


Bur du heime eller på hytta under kurset, kan du bestille måltidspakke:

3 dagar:
Lunsj og ettermiddagskaffi: kr 780,-
Lunsj, ettermiddagskaffi og middag: kr 1605,-

6 dagar:
Lunsj og ettermiddagskaffi: kr 1620,-
Lunsj, ettermiddagskaffi og middag: kr 3270,-

14-dagar:

Lunsj og ettermiddagskaffi: kr 3580,-

Lunsj, ettermiddagskaffi og middag: kr 7155,-


Fritidsaktivitetar

Det er undervisning fram til kl. 16.00. Etterpå kan du arbeide på verkstaden eller nytte tida til andre fritidsaktivitetar; yoga, fjelltur, bading i Totak, fisking, padling, ridetur eller du kan vitje ei av kunstutstillingane i distriktet. Sjå oversikt over fritidsaktivitetar og forslag til turar på www.visitrauland.com


Lurar du på noko?
Send oss e-post til post@raulandsakademiet.no eller ring oss på tlf. 35 07 32 92


Raulandsakademiet AS,
Akademiet 2, 3864 Rauland
Tlf.: 35 07 32 92

www.raulandsakademiet.no