Rauland ynskjer å bli meir berekraftig og er nå et berekraftig reisemål.
Rauland og Vinje er saman med de andre Vest-Telemark kommunane tildelt «Merket for berekraftig reisemål» av Innovasjon Norge 13. september.
Merkeordninga er både ei sertifisering og ein strukturert arbeidsprosess. Sentralt i ordninga er ein standard som skal innfriast. Målet med «Merket for berekraftig reisemål» er å legge til rette for at destinasjonsselskap, kommunar og andre som utgjer destinasjonsleiinga på eit reisemål, saman kan planlegge, iverksette, måle, forbetre og formidle den jobben dei gjer for eit meir berekraftig reiseliv.
Merket er eit verktøy for å forbetre klima og miljø, men det betyr på ingen måte at destinasjonen er berekraftig på alle områder per i dag, men at destinasjonen skal jobbe for å bli meir berekraftig, ved å gjere nødvendige og berekraftige tiltak, for å etterlate mindre fotspor. Ein viktig del av ei berekraftig utvikling er at om næringslivet skal overleve i framtida må dei vere økonomisk levedyktige. Parallelt med berekraftsprosessen har me i Rauland saman med dei to andre destinasjonselskapa i kommunen utarbeida ny reiselivsstrategi for Vinje.
Berekraft er godt integrert i denne strategien og planen er knytt opp mot FNs bærekraftmål.
Reiseliv har vore, er og skal vere ei hovudnæring i Vinje. Satsinga på reiselivsnæringa har gjeve og gjev grunnlag for reiselivsverksemder og arbeidsplassar i andre næringar. Ein rapport om ringverknader av reiselivet i Vinje frå 2016 syner at den reiselivsrelaterte omsetnaden i Vinje bidrog til ei verdiskaping på 255 millionar kroner i kommunen, eller 32 prosent av total verdiskaping. Same rapport viste at reiselivet danna grunnlag for om lag 410 arbeidsplassar i kommunen (Kjelde: Menon Economics).