Telemarkstunet

Telemarkstunet er innramma med tradisjonelle hus frå Rauland, som blei sett opp som eit tun på 1990-talet.

Sommar på Telemarkstunet er 29. juni – 6. august, kl. 11-16 alle dagar. Handverksutsal, bakeri, handverkarar, leikar og meir.

Telemarkstunet har marknad om sommaren og jolemarknad i november/desember. 

Telemarkstunet er også kjend for sine sommeraktivitetar. Her er det bruktsal, sommerkafè i Gardsjordstoga, utstillarar, handverk på tunet, natursti og leikekrok for borna med sandkasse.

Det er konsertar i Årestoga kvar laurdag og sundag i juli. Dei blir publisert i eventkalenderen på framsida.

 

Telemarkstunet
Gardsjordstoga på Telemarkstunet kan ein leige om ein vil ha eit intimt og hyggeleg selskapslokale til feiring av ein stor dag. Her kan vi tilby ein komplett festmeny for inntil 60 mennesker (minste bestilling 20 personar). Ein fin måte å feire bursdag, bryllaup eller jubileum.

Ein kan også leige lokale på Telemarkstunet om ein vil arrangere eit kurs eller ein fest der ein legg inn ein del aktivitetar, t.d. matlaging i Gardsjordstoga, baking i Eldhuset, konsert i Årestoga, eller røyking av kjøt og fisk i Badstoga.

Telemarkstunet er også ope de siste helgene før jul. Då er det håndverksutsalget på Låven, kafè i Gardsjordstoga og bakeri i Eldhuset.
I tillegg er håndverksutsalget på Låven åpent i vinterferien og i påska.

Det er gratis entré på Telemarkstunet.

Omtrent en gang i måneden er det konsert i Årestoga i regi av Folkemusikkscena på Rauland. Etter konsertane er det kro med dans i Gardsjordstoga.