Slik melder du deg på kurs
Finn kurset du er interessert i, i kurslista. Fyll ut påmeldingsskjema. Det er bindande påmelding.
Ikkje vent for lenge med å melde deg på! Dei mest populære kursa blir fort fulle. Påmeldingsfrist er 3 veker før fyrste kursdag. Møbeltapetsering har 4 veker før kursstart. Dersom det er ledige plassar, tek me imot påmelding fram til kursstart.
Kursavgift 2026:
3-dagarskurs: 5400
6-dagarskurs: 8500
Einskilde kurs har eit anna beløp på kursavgift, sjå i kurskatalogen for kvart kurs.
Når startar kursa og når sluttar dei?
Det er informasjonsmøte kl. 15.15 fyrste kursdagen med felles informasjon til alle. Deretter er det undervisning med lærar frå kl. 15.30-18.00. Det er kun høve til å setje frå seg større utstyr i verkstadar/arbeidsromma før kursstart. Dei resterande dagane er det undervisning kl. 08.30-16.00. Du kan arbeide på verkstaden/arbeidsrommet fram til kl. 22.00 på kvelden. Kursa avsluttar kl. 12.00 siste dagen. Dette gjeld både dei som skal på kortkurs og dei som skal på langkurs.
Kortkurs byrjar torsdag og varar til sundag (4 -dagars kurs).
Langkurs varar frå måndag til sundag (6-dagars kurs).
4- dagarskursa har 21 timar undervisning og 6-dagarskursa har 40 timar undervisning.
Kva dekker kursavgifta?
Kursavgifta dekker kurs, kurslærar og verkstad/utstyr. På nokre kurs må du rekne med materialkostnader. Informasjon om materialkostnader finn du på kurssida til det aktuelle kurset.
Informasjon om overnatting og mat finn du litt lenger ned på sida.
Avmelding
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skritfleg avmelding til post@raulandsakademiet.no, så snart du veit at du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum á kr. 950,- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn t.d uhell, sjukdom, ulykke osv. Då kan du ta kontakt med forsikringsselskapet ditt, ifht reiseforsikring.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon
- Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
- Evt matallergiar må ein ha dokumentasjon på
- Meld frå i god tid om t.d vegansk/vegetar o.a
- Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
10% rabatt på kursavgifta?
Meld deg på kurs før 1. mars og få 10% rabatt! Gjeld også påmelding før 1. juni til haustkurs.
Rabatt får også medlemmar i:
- Rauland Husflidslag eller eit anna lokalt husflidslag: www.husflid.no
- Kunst i Skolen: www.kunstiskolen.no
- Fibershed Norge
- Norsk knivforening: www.norskkniv.no
Kven kan melde seg på kurs?
Kursa er ope for alle som vil, frå 14 år og oppover.
Gåvekort
Ynskjer du å tinge gåvekort. Ta kontakt med oss på e-post: post@raulandsakademiet.no. Me treng namn på den heldige, kor me skal sende gåvekort og kven som skal betale.
Overnatting og mat
Du kan bestille overnatting og mat på Raulandsakademiet. Det kostar kr. 1595 per døger for kursdeltakarar (kurspakke). Det er fullpensjon, frukost, lunsj, ettermiddagskaffi/-måltid og middag.
Raulandsakademiet er ope for overnatting heile året. Det er 48 rom fordelt på enkeltrom, enkeltrom med sovesofa, to-mannsrom og nokre familierom – alle med dusj og toalett.
Bur du heime eller på hytta under kurset, kan du bestille måltidspakke:
3 dagar:
Lunsj og ettermiddagskaffi: kr 780,-
Lunsj, ettermiddagskaffi og middag: kr 1605,-
6 dagar:
Lunsj og ettermiddagskaffi: kr 1620,-
Lunsj, ettermiddagskaffi og middag: kr 3270,-
Fritidsaktivitetar
Det er undervisning fram til kl. 16.00. Fram til kl. 22.00 kan du arbeide på verkstaden eller nytte tida til andre fritidsaktivitetar; fjelltur, bading i Totak, fisking, padling, ta ein tur i Telemarkstunet, Beverstien eller du kan vitje ei av kunstutstillingane i området(kun sommarkurs). Sjå oversikt over fritidsaktivitetar og forslag til turar på www.visitrauland.com
Korleis kjem du deg til Raulandsakademiet?
Bruk entur.no og farte.no. Det er busstopp rett utafor her, og bussen kjem hit kl.14.12 og reiser kl.13.58.
Lurar du på noko?
Send oss e-post til post@raulandsakademiet.no eller ring oss på tlf. 35 07 32 92
Sjekk søppelpost!
Raulandsakademiet AS, Akademiet 2, 3864 Rauland
Tlf.: 35 07 32 92




