- Vaffelvev til handkle
Start dato: 26.06.2023
Slutt dato: 02.07.2023
Kursnr.: 2379
Lærar: Will Riedlinger
Påmeldingsfrist 15. mai
Fullt!
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Les korleis du kan få 10% rabatt!
PåmeldingLær å veve og å sette opp eigen renning i veven. På kurset får du prøve å veve toskaft, kypert og vaffelbinding i ulike garnkvalitetar. Kvar kursdeltakar får også prøve å renne, påsveiping, hovling, tre i vevskei, nedknyting.
Kursplan:
Mål: I løpet av kurset skal kursdeltakar få eit innblikk i grunnleggande teknikkar i handveving, få kunnskap om vevstolen, om vevutstyr som trengs og korleis ein set opp ein vev. Kursdeltakar vil få ei innføring i grunnprinsippa i bindingslære og vi brukar vevprogrammet WeavPoint til bindingslæra. Vidare vert det noko om ulike garnkvalitetar og kva desse høver godt til.
Alle kursdeltakarane får høve til å veve handkle, veske, nålepute og kan hende eit skjerf.
Ant. timar med lærar 40
Spesielle krav: Alle som ynskjer å lære å veve kan søke kurset. Det er ingen krav til forkunnskaper
Innhald/dagsplan:
Måndag: Kort intro om kva veving er og kva for moglegheiter det er i veven. Bli kjend på verkstaden.
Tysdag – fredag: Veving, oppsetting av vev, renning, sveiping, hovling, framknyting, nedknyting, m.m. Enkel bindingslære og korleis ein kan lese vevoppskrifter og rekne ut materialforbruk.
Inspirasjon til nyskaping
Laurdag – sundag: avslutte veven, ferdigstille og klargjere til miniutstilling, oppsummering og evaluering og sjå på moglegheitene og kva som må til for å veve der du bur.
Studiemateriell:
Alle deltakarane får tilgang til vevstolar og alt naudsynt veveutstyr.
Tilrådd litteratur: Solveig Orstad Teigen: veving eller Laila Lundell: Den store vevboken.
Om du har andre bøker om veving, tar du med det du har. Husk å merke private bøkar med namn.
Ta med: Skrivesaker og papir, gjerne ruteblokk. Fargeblyantar. Saks. Målband. Tykke sokkar, kopp. Husk å merke privat utstyr med namn.
Materialkostnader: ca kr. 400 – 600
Vi gjer merksam på:
- Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
- Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Arbeidsform: Praktisk arbeid på verkstaden. Individuelt arbeid, plenumsdiskusjon og teoriundervisning. Korte økter med teoriundervisning felles. Mykje individuell rettleiing og undervisning i grupper.
Verkstadane er opne om kvelden slik at deltakarane kan praktisere utanom undervisningstida.
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Lærar: Will Riedlinger
Påmelding