fredag 4. september, kl 20:00

Salmesong, pub og kafé med SPOR på Raulandsakademiet

Tradisjonelle norske hus med torvtak omgitt av skog, fjell og innsjø i naturskjønn dal.

Fredag 4. september inviterar Raulandsakademiet til ein annleis og triveleg kveld med salmesong i uformelle omgjevnadar. Arrangementet er i kafeen i Gardsjordstoga på Telemarkstunet. Det vert både pub- og kaféstemning kombinert med levande musikk.

Bandet SPOR frå Midt-Telemark står for kvelden sine musikalske opplevingar. Gruppa har tidligere hatt stor suksess med sitt salmekonsept på den lokale puben Bull Inn i Bø, der publikum har møtt opp i stort antall for å synge kjente og kjære salmer saman med bandet.

Til hausten tek dei konseptet med seg ut på vegen, og publikum på Rauland kan gle seg til ei konsertoppleving der tradisjonelle salmer får nye musikalske uttrykk i banddrakt.

SPOR er sett saman av Janne Severinsen, Helene Haukvik og Kristin Tangen Tolo på vokal, Jan Birger Akerhaugen på gitar, Rune Brynsholmen på piano, Martin Tyreland på trommer og Knut Eirik Hult på bass. Lydmann er Bjørn Lona.

Dette blir ein kveld med allsong, god stemning og musikalsk fellesskap – perfekt for deg som vil oppleve salmer på ein ny måte.

Datofredag 4. september
Tidspunktkl 20:00