lørdag 29. juni, kl 11:00

Opning av Telemarkstunet

Telemarkstunet vil vera ope kvar dag frå 29 juni til 11 august  frå 11 – 16. Her kan ein besøke handverksutsalet på Låven og kjøpe nysteikte boller og brød i Eldhuset. Kaffe og servering i kafeen på Raulandsakademiet. Sandkasse og leiker for dei minste, samt natursti.

I Loftet finn du strikka produkt frå Fjell Fabel og Anne Lise Strikkestudio, samt vesker frå Hedvig Harmati.

Etter eit opphald i fjor er me så heldige å ha James D Chinkondenji, treskjærar frå Malawi, tilbake på tunet med varer laga i ibenholt, verdas hardaste treslag.

Velkommen til Telemarkstunet!

Datolørdag 29. juni
Tidspunktkl 11:00