Velkomen til Jolemarknaden på Telemarkstunet ved Raulandsakademiet 2025!
Opplev ei triveleg julestemning med sal av graut, nysteikte bakverk, flott handverk og spennande utstillingar.
- 29-30. november kl 11 – 16. Handverk på Låven og Bakeriet ope.
- 6.desember kl 11 – 16 . Handverk på Låven og Bakeriet ope. I tillegg stor jolemarknad,
med mange bodar både ute på Telemarkstunet og inne på Raulandsakademiet.
Kurs, aktivitetar, boklanseringar, pepperkakebygda, graut i Gardsjordstoga,
og kanskje kjem nissen. - 7. desember kl 11 – 16. Handverk på Låven og Bakeriet ope.
- 13. desember kl 11 – 16. Handverk på Låven, bakeriet og Gaardsjordstoga kafe ope. Årestoga kl. 15.30, jolekonsert med Rakkel.
- 14. desember kl 11 – 16. Handverk på Låven og Bakeriet ope.
- og 21 desember 11 – 16. Handverk på Låven og Bakeriet ope.
- 22 – 30 desember. Bakeriet er ope kvar dag 11 – 16 eller så lenge bakaren har varer.
Ei varm og ekte førjulsoppleving i Rauland ventar deg!










