søndag 18. juli, kl 19:00
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Brikkevev, vikingband

Håndvevd ullbånd med intrikate røde og gule mønstre, tradisjonelt norsk design.

Fargerike, håndvevde bånd med tradisjonelle mønstre, rullet opp og arrangert i en dekorativ bukett.

Start dato: 15.07.2021
Slutt dato: 18.07.2021
Kursnr.: 2134
Lærar: Bente Margrethe P. Skogsaas
Påmeldingsfrist: 3. juni

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

 

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

 

Basert på masteroppgåve  gav Bente Skogsaas ut boka: ‘Oseberg 34D. Rekonstruksjon og hvordan veve trinn for trinn’. I juni 2020 gjev Bente ut ei ny bok med 9 brikkeband frå Oseberggrava. I den er det bånd for nybegynnere, øvede og avanserte. Kurset er for nybegynnere og videregående.

Bente Skogsaas har bidratt til oppretting av fyrste nordiske arrangement for brikkeveverar i historisk brikkevev i Tønsberg 2018, (sjå artikkel i Norsk Husflid nr 5 2018).  På kurset vil ho kunne bidra med info og kunnskap om historisk brikkevev frå Norden, men fokus vil væra på veving av Osebergband fra de to bøkene.

Mål: At alle skal komme et stykke vidare med sin kompetanse i brikkevev generelt – og oppleve glede og mestring med veving av band frå verdast mest allsidige brikkebandfunn frå vikingtid.

Spesielle krav: Kurset er for både nybegynnare og vidarekomande. Om du er nybegynner eller er noko ute av trening og treng oppfriskning – så er oppstarten torsdag kveld lagt til rette for at du oppdaterar deg på bruk av symbol og begrep for treing og veving. Kva du klarer å veve under kurset er avhengig av kor erfaren du er med brikkevev, men det vil bli demonstrert og rettleia grundig i  metodane bak banda som folk ønsker å veve. Ta gjerne kontakt med Bente om du treng å vite meir om kurset passer for deg.

Antal timar 22

Innhald/dagsplan:

Studiematriell:

Ta med:

Det vil bli sendt ut utførlege instruksjonar om utstyr og materialbehov på e-post straks etter at påmeldingsfristen er ute. Mønster finner du i bøkene:

Boka: ‘Oseberg 34D. Rekonstruksjon og veving trinn for trinn’. Kurspris 280 kr.

Boka: ‘Oseberg 6A, 13B2 og 30B. Rekonstruksjon og hvordan veve trinn for trinn’.  Kurspris 390 kr.

Kurspris for begge bøkene: 580 kr.

Til sals på Raulandsakademiet:               

Brikker (kr 10/stk),

Bandvevfeste (kr 150),

Handvevd bandvevbelte (kr 250)

Store sikkerhetsnåler (kr 10 stk)

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: fellesundervising og individuell rettleiing

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Lærar: Bente Skogsaas

E-post: bpskogsa@online.no

Facebook: https://www.facebook.com/bente.skogsaas

 

 

 

Datosøndag 18. juli
Tidspunktkl 19:00 - 15:00