lørdag 6. september, kl 14:30

Raulandsakademiet AS feirar 50 år

Raulandsakademiet markerer 50 år med læring, kultur og reiseliv – og det skal feirast! Litt på etterskot, men med desto meir glede, inviterer akademiet til ein jubileumsdag full av minner, musikk og møte mellom gamle og nye vener.

Kake, kaffe og kultur

Dørene opnar kl. 14.30, der det vert servert kake og kaffe til alle frammøtte. Det blir ei uformell og inkluderande markering, der både tidlegare studentar og tilreisande kan mimre og feire saman.

Programmet opnar med Gøril R. Haave og Inger Lien – begge tidlegare studentar ved Raulandsakademiet – før Torhild ønskjer velkommen.

Innslag frå kjente og kjære

Vidare blir det kulturelle bidrag frå:

  • Jon Godal

  • Bjarne Tormodsgard

  • Kirsti Camerer

  • Bodil Aksvoll

  • …og fleire namn som vil setje sitt preg på dagen med song, musikk og gode historier.

Musikalske innslag vil krydre programmet gjennom dagen.

Festmiddag og jubileumskveld

Det blir også festmiddag, der påmelding og VIPPS-informasjon kjem seinare – så det er berre å følgje med.

Etter middagen rundar me av dagen med ein jubileumsfest der BBB-band står for musikken. Denne delen av programmet er open for alle, men har 18-års aldersgrense.

Fri tilgang – og garantert god stemning!

Datolørdag 6. september
Tidspunktkl 14:30