Skipass
Advent og julemarknad på Telemarkstunet
Velkomen til ei stemningsfull førjulstid på Rauland! Frå 28. november opnar Telemarkstunet dørene for adventshandel, handverk og julebakst. Laurdag 5. desember blir det òg tradisjonell jolemarknad på Telemarkstunet og Raulandsakademiet.
Ta turen til Telemarkstunet og kjenn på den gode førjulsstemninga! Her kan du senke skuldrene, finne inspirasjon til julegåvene og nyte ein hyggeleg adventsdag i historiske omgjevnader.
Adventsope frå 28. november
Låven handverksutsal og Eldhuset bakeri opnar laurdag 28. november og held ope kvar helg i advent, fram til og med 19. desember.
Her kan du kombinere julehandelen med ein tur innom bakeriet og få ein liten pust i bakken frå førjulsførebuingane.
Opningstider i adventshelgene:
- Låven handverksutsal: kl. 11.00–16.00
- Eldhuset bakeri: kl. 11.00–14.00
Jolemarknad laurdag 5. desember
Laurdag 5. desember kl. 11.00–16.00 blir det jolemarknad på Telemarkstunet og Raulandsakademiet. Låven handverksutsal og Eldhuset bakeri held ope, og det blir ein fin anledning til å kome i julestemning og gjere unna litt av julehandelen.
Ynskjer du å ha stand på jolemarknaden? Ta kontakt med Raulandsakademiet på post@raulandsakademiet.no.
Meir informasjon om programmet kjem.
Les meir om arrangementa:
Jolemarknad på Telemarkstunet – 5. desember
Velkomen til ei triveleg førjulstid på Rauland!
