Eldre mann med grått hår og smilende ansikt, iført svart jakke og lys skjorte, foran mørk bakgrunn.

Noregs dyraste mann – historia om lækjaren Tore Godal

Publisert: 12.03.2026 09:03

Torsdag 26. mars kl. 18.00 blir det ein annleis temakveld på Raulandsakademiet

Astrid Versto skal vera ordstyrar for ei samtale mellom lækjaren Tore Godal og
forfattaren Aashild Sørheim.

Ikkje alle kjenner til lækjaren Tore Godal. Han blei fødd på prestegarden i Rauland,
og hadde dei sju fyrste leveåra der saman med dei tre syskena Ingvald, Jon og Ellen.
Desse barneåra sette spor – han var alltid raulending- og kjenner seg som det
framleis. Tore er no 86 år gamal.

Bilde av boken Norges dyreste mann om legen Tore Godal, illustrert med en mann på sykkel.

Det er ikkje så mange her heime som veit kven Tore Godal er. Han har i fleire tiår
vore sentral i det globale arbeidet mot epidemiar; nokon av verda sine mest farlege
sjukdommar; spedalsksjuke, malaria, ebola, tuberkulose, aids og covid.

For å nå fram med å skaffe økonomisk og politisk støtte til folkehelsearbeidet i fattige
land, har han sett seg mest tent med å arbeide i kulissene. Han har fått med seg
nasjonale og verdsleiande politikarar, Verdas helseorganisasjon og Verdsbanken.
Bill Gates Foundation gav han 750 millionar dollar då han ynskte å etablere Gavi,
den internasjonale vaksinealliansen. Sidan 2000 har Gavi medverka til å vaksinere
meir enn 1,1 milliardar born. Godal er drivkrafta bak CEPI, som har hovudkontor i
Oslo. CEPI overvakar moglege utbrot av globale pandemiar, og har som mål å kunne
produsere ei vaksine i løpet av 100 dagar ved eit utbrot. CEPI var heilt avgjerande i
utviklinga av ei vaksine under covid19 -pandemien.

Det internasjonalt velkjende medisinske tidskriftet «The Lancet» skreiv: «….han er en
av de mest innflytelsesrike legene gjennom tidene innen global helse.» Og Jens
Stoltenberg har uttala: «Tore er den dyreste nordmannen i historien. Med et mulig
unntak for Fridtjof Nansen, er han den nordmannen som har bidratt til å berge flest
liv.»

Aashild Sørheim har skrive boka «Noregs dyraste mann – historia om lækjaren
Tore Godal»

Tore Godal drøymde om å bli distriktslækjar i Rauland då han søkte seg inn på
medisinstudiet, men i staden blei internasjonalt folkehelsearbeid livsvegen.
Arrangementet er eit samarbeid mellom forlaget Historie & kultur,
Raulandsakademiet og Rauland historielag. Song blir det også – av nevøen
Aasmund Nordstoga.

Det er sal av boka. Etter programmet blir det kaffi, kake og tid til røur.