Rosa og blå strikkede dusker på brun bakgrunn, fargerik tekstur av håndlaget garn.

Lag dine egne sokkeband/hoseband

Publisert: 16.01.2026 12:01

Har du lyst til å setje eit personleg preg på bunaden din – og samtidig lære ei tradisjonsrik handverksteknikk? På Raulandsakademiet inviterer vi til kurs der du kan lage dine eigne sokkeband/hoseband, som passar både til dame- og herrebunad.

Sokkeband og hoseband er ikkje berre praktiske, men òg eit viktig og dekorativt bunadstilbehøyr. På dette kurset får du rettleiing gjennom heile prosessen – frå start til ferdig band – og du sit att med eit produkt du kan vere stolt av, og som kan brukast i mange år framover.

Tidspunkt

Fredag 27.02 kl. 18.00–21.00
Laurdag 28.02 kl. 10.00–13.00

Pris

800 kr

Påmelding

innan 20.02

Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer meir informasjon om kurset, eller om du treng overnatting i samband med opphaldet.

Telefon: 35 07 32 92 (resepsjon)
Kontakt oss på e-post