Person som vever et fargerikt bånd med tradisjonelt mønster ved hjelp av en vevstol i tre.

Grindvevkurs på Raulandsakademiet

Publisert: 14.01.2026 11:01

Bli med på eit spanande kurs i grindveving frå Telemark! Grindvovne band er ikkje berre vakre å sjå på, men òg svært praktiske i kvardagen. Anten det er til belte, nøkkelring, hårpynt, smykke eller andre føremål, vil du lære å lage unike og nyttige band ved å delta på dette kurset.

Grindveving er ein tradisjonsrik teknikk med djupe røter, særleg knytt til Telemark og andre delar av Noreg. I løpet av kurset vil du lære alt frå å setje opp renning til å veve ulike typar band med ulike mønster. Desse banda blir ofte brukte i ulike typar bunader, til dømes Vest-Telemark, Aust-Telemark, Nordfjord, Åmli og Vestfold.

Meld deg på/meir info her!

Dato:
27. februar 2026

Innhald:
Grindveving er ein teknikk for å veve band med lange tradisjonar. Desse banda vert bruka til fleire bunadar, m.a Vest-Telemark, Aust-Telemark, Nordfjord, Åmli, Vestfold).

Dagsplan:
• Setje opp renning
• Veving av enkle band i toskaftsveving, med ulike mønster
• Veving av band med plukkemønster, som blir bruka i bunda
Me kjem òg til å sjå på ulike døme på nyttige bruksområde for grindvovne band i kvardagen

Lærar: Kim Sølve Jacobsen kim.s.jacobsen(a)usn.no

Målgruppe for kurset:
Kurset passar for alle frå 14 år og oppover- nybyrjarar

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskapar

Kursmateriell:
Du må ha med:
• Skrivesaker, rutebok / rutepapir, måleband og saks
• Har du eige grind, grindfeste eller anna, ta med det.

Varighet:
2 dager

Pris: 2800,-

Materialkostnad ca. 200 kr. Kurshaldar tek med garn.

Meld deg på/meir info her!