Velkomen til foredrag om tekstilkunstar Sigrun Berg tysdag 20. mai kl 19 på Raulandsakademiet.
Sigrun Berg er ein tekstilkunstnar som mange vil hugse, «alle» hadde eit Sigrun Berg sjal på
70-talet. Ho hadde store utsmykkingsoppdrag mange stader i Noreg. Mellom anna har ho
designa sceneteppet i Vinjesalen på Raulandsakademiet. I 2024 kom boka om Sigrun Berg
ut, og tysdag 20. mai kjem forfattar Liv Klakegg Dahlin til Rauland for halda foredrag.
Ho har med utstilling av produkt frå Sigrun Bergs vevstoge, så som gammejakker, sjal, slips og
mykje meir. Sigrun Berg budde nokre år på Rauland og mange på Rauland hadde
vevoppdrag for henne.
Om forfattar Liv Klakegg Dahlin:
Arbeider i dag som førstelektor og instituttleiar ved Institutt
for estetiske fag ved OsloMet. Ho er kunsthistorikar med spesialfelt innan internasjonal
tekstilkunst. Ho har i fleire år undervist i design, kunst og motehistorie. Dei siste åra har ho
særleg formidla tekstilkultur og forskningsarbeid knytta til Sigrun Berg. Ho gav ut boka Sigrun
Berg- vev og virke på Orfeus Publishing 2024.
Inngang kr 200 , kr 150 for medlem i Rauland Husflidslag /Rauland Historielag, kaffi og kaker
er inkludert i prisen.
Velkommen til foredrag på Rauland.