fredag 29. september
Rauland

Ullbroderi

Start dato: 28.09.2023
Slutt dato: 01.10.2023
Påmeldingsfrist: 17. august
Kursnummer: 2352
Lærar: Barbro Storlien

LEDIGE PLASSER!

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt

Påmelding

 

Mål: Oppleve glede med å brodere, leike seg med farger og lære dei vanlegaste stinga og teknikkane vi nyttar i ullbroderi

Kurset er både for deg som er nybyrjar og du som har noko erfaring. Kurslærar har med påteikna materiale, broderitråd og anna utstyr og så går vi gjennom ulike sting.

Det vert plattsaum og sjattersaum, franske knutar og ymse grunnsaumar og mange andre teknikkar. Målet er at du skal reise heim etter kurset og berre glede deg til å starte opp på eit nytt broderi.


Spesielle krav:
Det er sjølvsagt fint om du har noko erfaring med nål og tråd, men det viktigaste er at du har motivasjon. I tillegg er det ei god hjelp i godt syn, gode briller eller ei god lupelampe.


Antal timar:
21

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid


Studiemateriell:

Materialpakka kostar om lag 400,- og inneheld alt du treng utanom broderiramme. Den må du ha med sjølv, helst ei på 15-18 cm i diameter.


Vi gjer merksam på
:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.


Arbeidsform:
Noko fellesundervisning, men mest individuell rettleiing.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

 

Lærar : Barbro Storlien

Tlf.: 99 79 82 92

Adresse: Nedre Måsan 15 B, 1385 Asker

E-post: [email protected]

Instagram: fru_storlien

Blogg : frustorlien.blogspot.com

Facebook: som Barbro Tronhuus Storlien og bloggsiden Fru Storlien

Twitter: Fru Storlien

Datofredag 29. september
StedRauland