Heiskort
Velkommen til Telemarkstunet

Telemarkstunet er ope kvar dag frå 29. juni til 11. august 2019 kl. 11-16.
Telemarkstunet er kjent for sine sommeraktiviteter. Her er det håndverksutstilling på Låven, vedfyrt steinovnsbakeri i Eldhuset med salg av ferske bakevarer kvar dag, sandkasse og leiker for store og små. James Chikondenji kjem tilbake i sommar med demonstrasjon og sal av tradisjonelle treskjering frå Malawi. Strikkeriet blir også å finne på tunet med maskinstrikka designplagg frå fleire strikkedesignarar.
Vi får geiter på sommarbesøk! Du kan helse på geitene ved starten av Beverstien – ein natursti med informasjon om natur og kultur. Turen passer for både store og små.
Det er konsertar i Årestoga kvar laurdag og sundag i juli (kl. 14), første konsert er laurdag 6 juli.
Gratis inngang!
Sommarkonsertane er arrangert i samarbeid med Folkeakademiet på Rauland og med stønad frå Tinn Sparebank, Vinje Kommune, Folkemusikkscena på Rauland og Folkeakademiet på Rauland.
Her finn du:
- Bakeri, vedfyrt steinomnsbakeri med ferske brød og bollar kvar dag.
- Stort handverksutsal med varer frå ca 100 ulike handverkarar.
- Treskjærarverkstad med produkt i ibenholt. James Chikondenjii frå Malawi
- Strikkeverkstad, med sal av lekre strikkeplagg, Mona Hugen og Anne Lise Nuth. 24. juni – 28. juli.
- 2 selskapssjuke geitar
- Leikar for born og vaksne
- Beverstien, 2 km. lang tursti der du kjem forbi badeplassar
- Kafe i matsalen på Raulandsakademiet, kaffi, kaker, baguettar, brus is.
- Marianne Semb, maleri, grafikk, kort og koppar med motiv frå Falkeriset. Ho stiller ut Gardsjordstoga 28. juli – 4. august




