- Jubileumsstakk, Almankås
- Almankås Bø
- Detalj stakk frå Almankås
- Bilete frå Almankås
- Bilete frå Almankås
- liv berit kaasa
Start dato: 1.10.2020
Slutt dato: 4.10.2020
Kursnr.: 2040
Lærar: Liv Berit Kaasa
Påmeldingsfrist: 3. juni
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Les korleis du kan få 10% rabatt!
PåmeldingDette kurset har to deler. Del 1 er seks dagar i veke 29. Del 2 er 3 dagar (oppstart torsdag kl. 19) i veke 40. Påmelding gjeld begge deler. Kursavgift dekker begge deler.
Del 1: Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 15.
Del 2: kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15.
På dette kurset vil du koma godt i gang med å sy ein beltestakk. Ein vil konsentrere seg om å sy sjølve stakken, livet og forkle. Det blir ikkje tid til å sy skjorte, veve belte, forkleband og hårband. Ein må rekne med ein del heimearbeid mellom dei to kursbolkane. Liv Berit Kaasa har sydd mange beltestakkar og er svært kunnskapsrik når det gjeld tradisjon og val av material og pynteband. Kurs del 1: 13.7 – 19.7 frå måndag kl 19 til sundag kl 15. Kurs del 2: 1.10 – 4.10 frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 3. juni.
Mål Målet er å koma godt i gang med å sy ein beltestakk. Lære om tradisjon, materialbruk, saumeteknikkar.
Timetal 64
Innhald/dagsplan:
Studiematriell:
Du må skaffe det meste av stoff og pynteband sjølv. Dersom du er i tvil om kva du skal kjøpe kan du ta kontakt med Liv Berit. Til dei fyrste 6 dagane er det viktig at du har stakkestoff, materiele til skonning og livstoff klart. Pynteband kan du vente litt med. Det er utruleg mykje å velge i, Liv Berit vil koma med råd og rettleiing om kva ein kan velge.
Ta med til begge samligane:
Svart knappeholsilke, sterkt bomullstråd.
Svart vanleg sytråd i bomull eller silke, ikkje syntetisk! . Ta med det du har av sytråd i bomull (restesneller). Det går med mykje sytråd.
Synåler, saks, måleband, knappenåler, symaskin, ekstra symaskinnåler
Husk å merke alt privat utstyr med namn!
Du treng til fyrste samling i juli:
3 høgder stakkestoff, ull i toskaft eller spelsau.
Stoff til skonning: 2 meter vadmel som du skråklipper sjølv. (Vadmel skal ha tykk og kraftig kvalitet). Eller du kan kjøpe ferdig skråklipt vadmel hos Almankås. Du kan velge mellom eit lag skråklipt vadmel pluss eit lag skråklipt strie eller dobbelt lag med skråklipt vadmel. (den siste varianten blir litt tyngre).
Silke eller fløyel til pynt på skonning. Ca 1,5 meter stoff som du skråklipper. Du kan og kjøpe ferdig skråklipt silke eller fløyel hos Almankås.
Stoff til liv. ½ meter brokade i silke eller bomull eller fløyel eller bomullskretong.
Fòr til liv: Kraftig bomullstoff i 2-skaft (gjerne med mønster) eller baskerlin.
Du treng til 2. samling i oktober:
Slitekant og tittekant på hjul/skonning, ca 6 meter av kvart.
Pynteband til liv. Fløyelsband eller silkeband, ca 3 meter.
Kanteband til liv: vanleg med ullstoff eller klede. Kan og vera fløyelsband eller silkeband. Ca 3 meter.
Alt dette vil du få mykje informasjon om på fyrste samlinga. Det er mykje å velge i og Liv Berit vil hjelpe. Det meste får du kjøpt hos Almankås.
Forkle:
1 høgde forklestoff, bomullsateng eller ullsateng.
Fòr til forkle, ca 50 cm.
Pynteband til forkle, 2 meter av kvart band.
Du får kjøpt av Liv Berit:
- Svart symaskinsilke
Kor får du kjøpt materiale?
- Almankås as, 3800 Bø. Tlf 36061120, https://almankas.no/produkt/
- Atelier Aase ANS, Telesenteret, 3840 Seljord tlf 35050809
- Vinjebue, 3890 Vinje, tlf 35 06 27 20
Litteratur:
Kari Anne Pedersen: Folkedrakt blir bunad, 2013. EAN: 9788202389406
Kari Anne Pedersen: Bunad og folkedrakt, Beltestakk før og nå, 1999. ISBN/EAN: 9788251204897
Annelise Jantzen og Finn rønning: Beltestakk. Gråkufte og korttrøye. Ein fotodokumentasjon frå Bø i Telemark 1860 – 1910. Bø Museum skrift 1 – 1990
Vi gjer merksam på:
- Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
- Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Arbeidsform: Fellesundervising og individuelle rettleiing.
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Lærar: Liv Berit Kaasa, Adresse: Hørtevegen 363, 3810 Gvarv Tlf.: 93492742
Liv Berit har ikkje E-post