Heiskort
torsdag 28. mai, kl 17:00
I Egners fotefar: Ettermiddagstur til Vå med Oddvar Loftsgarden

Somrane 1940 og 1944, var Thorbjørn Egner i Rauland. Han sykla rundt og teikna dei største gardane i bygda og skreiv smått og stort han fekk fortald av folk som budde der. Boka Gamle hus i Rauland kom ut i 1945, og i 2025 stod Rauland Historielag for eit nytt opplag i samråd med etterkomarane til Egner.
På ettermiddagsturane våre i 2026, vil vi gå i nokre av fotspora til Thorbjørn Egner.
28. mai klokka 17.00 besøker vi grenda Vå. Her vil vi få høyre litt om gardane i grenda og litt om Vettelunden ein finn der. Omvisar er Oddvar Loftsgarden, som sjølv er oppvaksen i grenda. Oppmøte og parkering ved Grendehuset.
Datotorsdag 28. mai
Tidspunktkl 17:00 - 19:00