Raulandsakademiet ligg vakkert til ved Totak og Raulandsfjella og er kjent for sine mange kurs i tradisjonshåndverk. Universitetet i Søraust-Norge (USN) med Campus Rauland, held til her som leigetakar. Raulandsakademiet husar også eit hostel og har eige kjøkken med kantinedrift. Her er høve til å halde store og små selskap og ulike arrangement. Telemarkstunet er og ein del av Raulandsakademiet.
Det er stor variasjon i oppgåvene og aktivitetane på Raulandsakademiet. Studentar, tilsette og gjester er lokale, nasjonale og internasjonale.
No søkjer me etter
Vert og vakt på ettermiddag, kveld, natt og helg
I løpet av året er det mange som oppheld seg på Raulandsakademiet heile døgnet. På ettermiddag, kveld og i helger er det aktivitetar og samlingar av ulike slag. Gjester sjekkar inn og ut. Kunder ringer og etterspør informasjon. Med stor aktivitet fylgjer også ansvar for beredskap.
Me søkjer etter personar som ynskjer ei deltidsstilling som vert og bakvakt ut over normal arbeidsdag. Jobben er å bidra til at gjester blir møtt og ivaretatt heile døgnet. Noko som inneber allsidige og varierte arbeidsoppgåver. Målet er å gje kundane gode opplevinger.
Ynskjer du å bidra til god service og gode opplevinger for kundene våre? Då kan det vere det er deg me leiter etter!
Arbeidsoppgåver
- Inn- og utsjekking
- Handtere bookingar
- Svare på telefon
- Bistå gjester som oppheld seg på Raulandsakademiet
- Hjelpe til på kjøkkenet
- Hjelpe til med reinhald og anna førefallande arbeid
- Delta i oppgåver ved store og små arrangement
- Vere i beredskap
Kvalifikasjoner
- Det er ynskjeleg med erfaring frå reiseliv, sal eller service
- Praktisk sans er ein fordel
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne, norsknivå min. B2
- Kjennskap til bruk av data
Personlege eigenskaper
- Du er sjølvstendig og liker utfordringer
- Du trivst med variasjon i arbeidsoppgåver
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er imøtekommande og trivst med å jobbe med menneske
Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på.
Me kan tilby
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Allsidige arbeidsoppgåver i eit miljø rikt på mangfold
- Opplæring
- Arbeid i turnusordning
- Lønn etter avtale
For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med dagleg leiar, Torhild Naustvik-Jortveit, tlf: 907 90 360
Søknad kan sendast til: [email protected]