Besøk Telemarkstunet i sommar!

Telemarkstunet vil vera ope kvar dag frå 29. juni til 11. august 2019 kl. 11-16.

Telemarkstunet er kjent for sine sommeraktiviteter. Her er det håndverksutstilling på Låven, vedfyrt steinovnsbakeri i Eldhuset med salg av ferske bakevarer kvar dag, sandkasse og leiker for store og små. James Chikondenji kjem tilbake i sommar med demonstrasjon og sal av tradisjonelle treskjering frå Malawi. Strikkeriet blir også å finne på tunet med maskinstrikka designplagg frå fleire strikkedesignarar.

Vi får geiter på sommarbesøk! Du kan helse på geitene ved starten av Beverstien – ein natursti med informasjon om natur og kultur. Turen passer for både store og små.

Det er konsertar i Årestoga kvar laurdag og sundag i juli (kl. 14), første konsert er laurdag 6 juli.

Gratis inngang!

Sommarkonsertane er arrangert i samarbeid med Folkeakademiet på Rauland og med stønad frå Tinn Sparebank, Vinje Kommune, Folkemusikkscena på Rauland og Folkeakademiet på Rauland.