Skipass
Episode 5 av «Krafta som endra bygda» er ute!
No er nok ein episode av podcasten lagt ut. I episode 5 får du høyre om Tokkeutbygginga, eit av dei største og mest betydningsfulle vasskraftprosjekta i Noreg etter andre verdskrig. Utbygginga endra både kraftforsyninga på Austlandet og samfunnsutviklinga i Vest-Telemark.
Manuset for Krafta som endra bygda, byggjer i stor grad på delar av bokverket Statens kraft 1947-1965 av Dag Ove Skjold og Ragnar Lurås si bok Ljos og kraft til alle heimar. Det er også nytta artiklar frå Rauland Historielag sine årsskrift frå 2006 og 2018.
Høyr episoden her, på nettside til podcasten eller på Spotify.