Heiskort
«Krafta som endra bygda». Ny podkast frå Rauland historielag.
Kraftubygging har vore ein viktig del av historia i Raulandsområdet det siste hundreåret. I samband med at det er 70 år sidan Tokkeutbygginga starta har historielaget produsert ein podkastserie om krafthistoria. Det er planlagt 8 episodar i denne serien.
Dei to fyrste episodane vert publisert sundag 4. oktober.
Podkasten blir lagt ut på Spotify, trykk på lenkene under for å opne episodane i Spotify,
Om podkasten «Krafta som endra bygda»
I meir enn 120 år har kraftutbygging prega Møsstrond og Rauland. Først på 1900-talet kom oppdemninga av Møsvatn som skaffa kraft til den nye industrien på Rjukan.
For 70 år sidan starta utbyggjinga av Tokke og Vinjevassdraget. Dette har forma landskap, liv og levebrød i bygdene våre – og vore ein grunnstein for utviklinga av Noreg som industriland.
Men kva betydde dette eigentlg
- for bygdefolket?
- for naturen og landskapet?
- for landet utanfor bygda?
- og for forholdet mellom sentrum og periferi?
Dette er historia om vinning og tap på same tid.
Episode 1 Frå fossekraft til elektrisitet
Korleis har elektrisiteten utvikla seg i Noreg? Episoden handlar også om tidlegare konfliktar knytt til utnytting av vassressursane i Skiensvassdraget.
Episode 2 Rauland – den fyrste kraftkommunen?
Brukseigerane såg mot Totak og Rauland for å løyse utfordringane, dette skapte uro i bygda.