onsdag 17. september, kl 20:00

Helga Myhr og Øyvind Brabant i Årestoga

Solo hardingfele frå Hallingdal kjem til Rauland!
Helga Myhr (f. 1995) er hardingfelespelar, songar og komponist. I 2019 slapp ho soloplata Natten veller seg ut på Motvind Records som vart nominert til spellemannprisen. Året etter komponerte ho sitt fyrste verk Andsyning som tingingsverk til Osafestivalen, som vidare var slept på plate i 2022 (Heilo/Grappa) og nominert til Folkelarmprisen. Elles er Helga fast medlem i bandet Morgonrode og Kvedarkvintetten, samt i duo med cellist og komponist Tanja Orning, som slapp plata Klangkorpus på Motvind Records hausten 2024. På Landskappleiken i Eidfjord 2025 tok ho førstepremien i klassa Hardingfele A. I tillegg spelar ho med i ei rekkje prosjekt, ensemble og band, no sist prosjektet Lydreise av Sigurd Hole i lag med Hole og Frode Haltli, samt verket Song over støv av Erlend Apneseth i lag med eit stort ensemble leia av Apneseth. Helga er også aktuell som komponist og musikar i barneforestillinga Frid i skogen den grøne, og arbeider fortida med hennar andre soloalbum som skal ta for seg hardingfelemusikken frå heimplassen Hallingdal.
Øyvind Brabant (f. 1956) er hardingfelespelar frå Nesbyen i Hallingdal. Han gjekk i lære hjå båe Odd Bakkerud, Knut Myrann, Jens A. Myro og fleire. I dag er han sjølv å rekna som den fremste tradisjonsberar i Hallingdal og har lært opp fleire nye generasjonar. Øyvind har gjennom åra utmerka seg som båe konsertspelemann og dansespelemann. Han gjekk til topps i Landskappleiken i 1993 med seiar i klasa Hardingfele A. Han har gitt ut fleire solo plater – Hallingspringar (1986), Vrengja (1999), Breksja (2018) – og vore medverkande på ei rekkje andre innspelingar.
Foto: Nils Helgheim / Signe Fuglested Luksengard
Billettar i døra 300,- / 150,- studentar
Kro og dans etter konserten
Datoonsdag 17. september
Tidspunktkl 20:00 - 23:55