Om Vinterfestivalen
Kontaktinformasjon
Ingrid Hamberg - Festivalsjef: [email protected]
Om Rauland Vinterfestival
Dei fyrste spor av Rauland Vinterfestival er Vinterkappleiken som oppsto i 1990. Det var eit studentprosjekt som blei vidareført nesten kvart år sidan. Rauland internasjonale vinterfestival vart etablert i 2008 etter initiativ av tilsette ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, USN (da HiT). Frå 2024 vert namnet endra til Rauland Vinterfestival. Kappleiken på laurdagen er ein av dei store høgdepunkt for både studentane som står for arrangementet, deltakarar og publikum.
Rauland Vinterfestival blir arrangert i kvart år i veke 7 med ein heilt unik og særmerkt profil. I tillegg til konsertar og yrande dansegolv, er festivalen ein møteplass der forskingsformidling av folkemusikk og tradisjonskunst er ein viktig del av profilen. Dette kjem til utrykk i foredrag, kurs/workshop og utstillingar. Festivalen samlar på den måten både dyktige utøvar og forskarar på feltet. Festivalen legg også vekt på å formidle folkemusikk av høg kvalitet ut til nye publikumsgrupper. Konsertprogrammet inneheld både smale intimkonsertar, større arrangement, dansefest og kappleik. Mange artistar tek kontakt kvart år fordi dei ynskjer å spela på festivalen. Publikummet er ungt, veksande og mange reiser langt for å delta. Festivalen har mange trufaste tilhengarar og mange artistar ynskjer å spele på festivalen.
Presse/media
Vinterfestivalen på Rauland er den kuleste tingen
Innhaldsrik veke på Rauland for dei lærenemme og danseglade