Vinterfestivalen på Rauland


No er det berre å gle seg til Rauland Vinterfestival 10.-15. februar 2026!

Program for konsertar og utstilling er no lagt ut på programsida. Vi gler oss til Pumpegris, FolkJazz, Kartellet, Sudan Dudan og mange fleire! Det vert oppdatert med dansespel, føredrag og kurs fortløpande. Informasjon om påmelding til kappleik kjem like over nyttår.

Rauland Vinterfestival går av stabelen i veke 7 kvart år (10.-15. februar i 2026). Her blir det seminar, kurs, konsertar, drivande dansespel og mykje moro!

Følg med her og på Facebook for programnyheitar!

Vinterfestivalen på Rauland arrangerast kvart år av Folkemusikkscena på Rauland i samarbeid med USN, Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk og Raulandsakademiet. Vel møtt!

Kontaktinformasjon

Ingrid Hamberg - Festivalsjef: ingrid.hamberg@usn.no

Aktuelt


Ikke noe nytt å vise akkurat nå.