Torgdag 22. september

Endeleg er det haust og tid for Torgdag og baklukesal! 22. september (kl. 11-16) ynskjer vi velkomen til ein fin familiedag der alle som har noko å selge eller vise fram kan gjere det.

Raulandsakademiet står for sal av vafler, kaffi og varme retter i Gardsjordstoga. Husflidsnemnda stiller opp og opnar dørene til Låven med alle sine fine handverksprodukt. Sjur baker i eldhuset og byr på ferske steinovnsbakte bollar og brød. I stallen møter du Inger og Yvonne med både kling og flatbrød.

Det som vi manglar er deg! Mange besøkande set pris på å kunne handle lokale eller økologiske produkt direkte frå dei som lager dei. Det er god plass ute for dei som vil stå i friluft. Du stend sjølv for rigging av stand, sei frå om du treng straum. Gardsjordstoga og Årestoga er ledig for dei som ynskjer tak over hodet – her er det plass til fleire handverkarar.

Prisar:
• Pris pr stand (inne eller ute) for matprodusentar og andre professjonelle kr 500.-
• Pris for bil med open bakluke for sal av bruka ting kr 100.-
Vi reknar med mange hyttefolk og fastbuande!
Vi håpar på fint ver og mange gode produkt frå ein god haust.

Tinge stand/plass til bil:
Tlf. 35073292 eller [email protected] seinast 19. september.