Strikkekafe

Helle Siggerud kjem til peisstoga på Raulandsakademiet kl. 19, 6. november for å halda foredraget: To rette og rett frem, Norge rundt med strikketøy.
Her fortel ho om arbeidet med boka Strikk til alle tider. Om jakta på strikka skattar fra Lindesnes i sør til Nord Norge, om drakttradisjonar og symbolikk i tekstilane. Ho viser bilete, har med ferdige strikka modellar og har boka til sals.

Helle Siggerud har strikka og sydd så lenge ho kan huske. Hun driv en systoge i Lørenskog, «Helles Syskrin», der ho syr bunader og utviklar strikkedesign. Ho er aktuell med boka «Strikk til alle tider», er handarbeidsbloggar, leverar strikkedesign til ukepressa og sel design på nettet.

Før strikikkekafeen er det høve til å melda seg på familiemiddag.
Rauland Husflidslag og Bygdekvinnelaget ynskjer velkommen til ein inspirerande og hyggeleg strikkekafe på Raulandsakademiet.