mandag 4. juli, kl 15:00

Vev, kom i gang – veke 27

Start dato: 04.07.2022

Slutt dato: 10.07.2022

Kursnr.: 2279

Lærar: Will Riedlnger

Påmeldingsfrist 23. mai

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

Lær å veve og å sette opp eigen renning i veven. På kurset får du prøve å veve toskaft, kypert og vaffelbinding i ulike garnkvalitetar. Kvar kursdeltakar får også prøve å renne, påsveiping, hovling, tre i vevskei, nedknyting.

Kursplan:

Mål: I løpet av kurset skal kursdeltakar få eit innblikk i grunnleggande teknikkar i handveving, få kunnskap om vevstolen, om vevutstyr som trengs og korleis ein set opp ein vev. Kursdeltakar vil få ei innføring i grunnprinsippa i bindingslære og vi brukar vevprogrammet WeavPoint til bindingslæra. Vidare vert det  noko om ulike garnkvalitetar og kva desse høver godt til.

Alle kursdeltakarane får høve til å veve handkle, veske, nålepute og kan hende eit skjerf.

Ant. timar med lærar 42

Spesielle krav: Alle som ynskjer å lære å veve kan søke kurset. Det er ingen krav til forkunnskaper


Innhald/dagsplan:

Vevverkstaden ligg ca 600 m i gangavstand frå Raulandsakademiet.

Måndag: Kort intro om kva veving er og kva for moglegheiter det er i veven. Bli kjend på verkstaden.

Tysdag – fredag: Veving, oppsetting av vev, renning, sveiping, hovling, framknyting, nedknyting, m.m. Enkel bindingslære og korleis ein kan lese vevoppskrifter og rekne ut materialforbruk.

Inspirasjon til nyskaping

Laurdag – sundag: avslutte veven, ferdigstille og klargjere til miniutstilling, oppsummering og evaluering og sjå på moglegheitene og kva som må til for å veve der du bur.


Studiemateriell:

Alle deltakarane får tilgang til vevstolar og alt naudsynt veveutstyr.

Tilrådd litteratur: Solveig Orstad Teigen: veving eller Laila Lundell: Den store vevboken.

Om du har andre bøker om veving, tar du med det du har. Husk å merke private bøkar med namn.

Ta med: Skrivesaker og papir, gjerne ruteblokk. Fargeblyantar. Saks. Målband. Tykke sokkar, kopp. Husk å merke privat utstyr med namn.

Materialkostnader: ca kr. 400 – 600

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.


Arbeidsform:
Praktisk arbeid på verkstaden. Individuelt arbeid, plenumsdiskusjon og teoriundervisning. Korte økter med teoriundervisning felles. Mykje individuell rettleiing og undervisning i grupper.

Verkstadane er opne om kvelden slik at deltakarane kan praktisere utanom undervisningstida.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Lærar: Will Riedlinger

Datomandag 4. juli
Tidspunktkl 15:00 - 12:00