onsdag 20. mai, kl 20:00

Tufskrøkjun i Årestoga

Tufskrøkjun er ei felegruppe frå Sel, Vågå og Lom med Synne Grothe, Ann Kristin Odnes, Kari Grøsland og Astrid Sulheim. Dei spelar tradisjonell folkemusikk frå Norddalen med hovudvekt på Vågå og Lom, og er opptekne av å finne slåttar som er lite brukte eller har sjeldne former. Gruppa har vunne gruppespel på landskappleiken heile seks gonger, deriblant dei tre siste åra!

Konsertstart kl 20.00.

Datoonsdag 20. mai
Tidspunktkl 20:00 - 23:00