torsdag 26. oktober, kl 15:00

Tradisjonell korgfletting i splitta materiale

Start dato: 26.10.2023
Slutt dato: 29.10.2023
Kursnr.: 2322
Lærar: Hege Iren Aasdal, Samson Øvstebø

Påmeldingsfrist: 14. september

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

 

I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typer korger i splitta materialer. Ein delte pinner for å gjere dei smidige nok, og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinner like, så dei må bearbeides for å verte jamne og like nok til å setja saman til ei korg.
På dette kurset lærer du å dele og bearbeide pinner til flettemateiraler og flette ei korg! Du kan velge mellom aktarkorg og hasselkorg på dette kurset.

Mål:Deltakarane skal kunne dele og bearbeide pinnertil flettemateriell og sette saman og flette ei korg

 

Ant. timar med lærar: 20

 

Spesielle krav: Kurset passer for alle

 

Innhald/dagsplan:

Torsdag : Introduksjon, vi ser på korger og materialer og lærer forskjellige teknikker for å dele og bearbeide dei. Og begynner å splitte materiale til korga.
Fredag: Vi splitter videre, det skal lages spiler og fletteband nok til å sette saman korga. Kanskje er nokon klar til å begynne å flette Lørdag : Vi setter saman og begynner å flette korga.
Søndag : Vi fletter ferdig og lager kant, om ein ynskjer bæretre spikker og former ein det, og fester det med vidje. Eller kanskje ein ynskjer reine vidjehandtak, eller handtak i lær?

Undervisningstid.

Kursa startar med fellesmøte kl. 1515 første dag og undervising kl. 15.30-18.30. Deretter er det undervising kl. 08.30-16.00. Verkstadane er ope utan lærar på kvelden. Det er undervising kl. 8.30-12 siste dagen.

 

Under kurset vil vi gå i gjennom:

 

På kurset vil ein lære å bearbeide pinner til flettemateriale. Denne bearbeidinga gjeres for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om ein kan bruke mange forskjellige materialer.
På kurset vil ein lære å splitte og dele forskjellige materialer som selje, hassel, hegg, vier, pil og einer og bearbeide dei til flettemateriell.
Ein vil lære å flette og forme ei aktarkorg eller ein hasselkorg
Aktarkorga er ei korg som tradisjonelt vart laga i Vågå til å bære høy frå låven til fjøset. Korga kan varieres i mange størrelser og ein kan lage forskjellige handtak etter ynskje.
Hasselkorga er ein svensk model som også kalles skjeppekorg. Den består av ein boge som danner handtak og bein og er oftast laga i hassel, men også einer og selje er brukt. Ein kan lage ein «halv» korg som kan henge på veggen eller ein heil med handtak på midten.

Hege Iren Aasdal har svennebrev som korgmaker og er i 2020-2023 stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt. Ho er stolt over å kunne vidareføre eit gamalt handverk, og er engasjert i å lære meir om handverket, materialene og dei lokale tradisjonane.
Som stipendiat jobbar ho med fletta korger i splitta materiale og gler seg over det store mangfaldet av korger som har vore laga oppigjennom tidene!

Samson Øvstebø har laga kiper og holdt på med trearbeid i over 25 år, og har holdt utallige kurs. Han er veileder for Hege i stipendiatarbeidet og har samarbeida med ho i fleire prosjekt i regi av Norsk Handverksinstitutt med å gjenskape tradisjonelle korger som vedmeis, aktarkorg og snik. Han har arbeida mest i brakje (einer) men jobbar no med mange treslag og har mykje erfaring på deling og fletting med forskjellige tresorter. Han har også jobba med å lage tau av lindebast og vidareformidla den kunnskapen.

Studiematriell: Ta med kniv og hagesaks, arbeidsklær. Det er sakser og kniver for salg på kurset.

Utgifter: Emne til korg: 500,-

Vi gjer merksam på:

Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Fellesundervising og individuelle rettleiing. Praktisk og teoretisk innføring.

Den grunnleggende metoden er herming. Kurslærer viser og deltakerne blir veiledet individuelt.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Påmelding

 

Lærar: Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø
Tlf.: Hege: 97655391 Samson: 90040623
Adresse: Hege: Klyvevegen 65, 5612 Steinstø Samson: Stabburshaugen 29, 5460 Husnes
E-post: [email protected], [email protected]
Facebook: https://www.facebook.com/KurvmakerHegeAasdal
Instagram: https://www.instagram.com/kurvmaker_hege_aasdal/

Datotorsdag 26. oktober
Tidspunktkl 15:00 - 18:00