torsdag 26. oktober, kl 15:00

Tradisjonell korgfletting i splitta materiale

Start dato: 26.10.2023
Slutt dato: 29.10.2023
Kursnr.: 2322
Lærar: Hege Iren Aasdal, Samson Øvstebø

Påmeldingsfrist: 14. september

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

 

I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typer korger i splitta materialer. Ein delte pinner for å gjere dei smidige nok, og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinner like, så dei må bearbeides for å verte jamne og like nok til å setja saman til ei korg.

Denne bearbeidinga gjeres for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om ein kan bruke mange forskjellige materialer.
På kurset vil ein lære å splitte og dele forskjellige materialer som selje, hassel, hegg, vier, pil og einer og bearbeide dei til flettemateriell.
Ein vil lære å flette og forme ei aktarkorg – ei korg som tradisjonelt vart laga i Vågå til å bære høy frå låven til fjøset. Korga kan varieres i mange størrelser og ein kan lage forskjellige handtak etter ynskje.

Mål: Lære splitting og bearbeiding av flettemateriale og flette korg.

Spesielle krav: Ingen

Antal timar m. lærar: 20

Torsdag : Introduksjon, vi ser på korger og materialer og lærer forskjellige teknikker for å dele og bearbeide dei. Og begynner å splitte materiale til korga.

Fredag: Vi splitter videre, det skal lages spiler og fletteband nok til å sette saman korga. Kanskje er nokon klar til å begynne å flette

Lørdag : Vi setter saman og begynner å flette korga.

Søndag : Vi fletter ferdig og lager kant, om ein ynskjer bæretre spikker og former ein det, og fester det med vidje. Eller kanskje ein ynskjer reine vidjehandtak, eller handtak i lær?

Studiematriell:

Ta med: Kniv, saks, forkle, tynne arbeidshansker og klær som tåler jobbing.

Utgifter: Emne til korg: 500,-

Vi gjer merksam på:

Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Fellesundervising og individuelle rettleiing. Praktisk og teoretisk innføring.

Den grunnleggende metoden er herming. Kurslærer viser og deltakerne blir veiledet individuelt.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Påmelding

 

Lærar: Hege Iren Aasdal
Epost: hegetelste@gmail.com
Tlf: 97 65 53 91

Datotorsdag 26. oktober
Tidspunktkl 15:00 - 18:00