- Signe Irene Berg
Start dato: 03.07.2023
Slutt dato: 09.07.2023
Kursnr.: 2325
Lærar: Signe Irene Berg
Påmeldingsfrist: 22. mai
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Les korleis du kan få 10% rabatt
Påmelding
Røtene eller tæger er mjuke og elastiske, og skal ein laga korger av dette materialet, kan ein ikkje bruka vanleg fletteteknikk. Teknikken eller bindinga held materialet godt saman og forma vert stødig. Dei skarpe bøyningane i bindinga set store krav til materialet, og det er berre røter som tåler det. Tæger hentar vi i myr eller sand. Reinskar og deler. Vi bind saman i ymse mønster; vanleg binding, kontur, ruter og fleire. Vi lagar fat, skåler, korger og andre bruksting. Nybyrjarar kan få kjøpe tæger av lærar. Det tek lang tid å hente tæger, så dei som har høve til det, bør sanke tæger før kurset. Kurs måndag kl. 15 til sundag kl. 12. Påmeldingsfrist 30. mai.
Mål: Lære tægerbinding
Ant. timar med lærar 40
Spesielle krav: Ingen
Innhald/dagsplan – undervisningstid:
Måndag: Kl. 15-18 (fyrst felles informasjon, deretter startar kurset på verkstaden)
Tysdag-laurdag: Kl. 08-16
Sundag: Kl. 08-12
Innhald:
Sanke tæger, rense og dele
Opplegg og binding
Ymse bindingsteknikkar
Tykkelse på tæger til binding, avslutte
Litt teori
Studiemateriell:
Ta med:
Skrivesaker, saks og hagesaks.
Turtøy til sanketuren, gummistøvlar, gummihanskar og eit lite grev (hageredskap), plastbøtte og tollekniv.
Til binding: Liten kniv, forkle (gjerne strieforkle), fat til å bløyte tæger i .
Dei som har, tek med tæger. Det er tidkrevjande å hente tæger i myr eller sand.
Pris på tæger: Nybegynner ca. kr 300,-
Pris på pren («tægernål»): Kr 100 pr stk. Du treng minst 2 stk.
Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Arbeidsform: Litt teori. Ut på tur for å hente tæger. Gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Sjå artikkel om Signe Irene Berg I Norsk Husflid 2014.
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Lærar: Signe Irene Berg
Tlf.: 67 90 42 07, 915 42 386
Adresse: Kurlandsåsen 40, 1479 Kurland
E-post: habe5@online.no