- Liv Marit Haakenstad
Start dato: 26.06.2023
Slutt dato: 02.07.2023
Kursnr.: 2324
Lærar: Liv Marit Haakenstad
Påmeldingsfrist: 15. mai
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Les korleis du kan få 10% rabatt!
Påmelding
Du har kanskje sett TV-serien: Hvem tror du at du er? Får du lyst til å grave i eigen historie?
Ein slektsgranskar er detektiv i si ega fortid. Her kan du finne ulike historier, kanskje både på godt og vondt. På kurset vil du lære kva for verktøy du treng for å finne det du leiter etter – først og fremst kva for kjelder du kan bruke for å finne det du er på jakt etter, men også litt om etikk og metode. Vi set av tid til arbeid med eiga slekt kvar dag.
Liv Marit Haakenstad kom med ei bok i januar 2015 om grunnleggande slektsgransking. Kurset tek utgangspunkt i denne boka. Les meir om boka her: https://www.haugenbok.no/pa-sporet-av-familien/haakenstad-liv-marit/9788241910791
Mål: Å få innføring i slektsgransking
Ant. timar med lærar: 40
Spesielle krav: Kurset er for dei som er nye, men også dei som er litt vidarekomande kan ha nytte av kurset.
OBS! Kurset krev at deltakarane kan en del om bruk av datamaskin, og at de kan noe om søk på Internett. I tillegg må ein ha med PC med ferdig-installert slektsprogram.
Hovudemne:
- Kva er slektsgransking
- Etikk og bruk av kjelder
- Organisering av slektsmateriale
- Namn og namnetradisjonar
- Litt om det gamle samfunnet
- Kjelder – oversikt og bruk av dei
- Genealogisk metode – korleis bruke kjeldene. Her vil det bli satt av tid til eigen slektsgransking.
- DNA – ei innføring. Om DNA-et og litt om bruk av ulike sider med DNA-resultat og andre verkty.
- Korleis skrive godt om slekt
Studiemateriell:
Ta med noko materiale om eiga slekt.
Ta med bærbar PC og skrivesaker. Kurset krev at deltakarane kan søke i databaser på Internett.
Du må ha eit slektsprogram:
Legacy Family Tree for Windows – sjå https://legacynorsk.com. Bestiller du gjennom den engelske sida, går bestillinga raskare – sjå https://legacyfamilytree.com
Eller Reunion for Mac – https://www.reunion-norsk.no/reunion-norsk.no/Reunion_11.html
Har du eit anna slektsprogram, er det greit.
Litteratur:
Haakenstad, Liv Marit (2015). På sporet av familien. Kilder og metoder i slektsgransking. Vigmostad & Bjørke.
Kjøp på nettet for eksempel hos Tanum, Haugenbok (https://www.haugenbok.no) eller meld frå til Liv Marit Haakenstad, så kan ho ta med bøker. Pris kr 499.-
Vi gjer merksam på:
• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Arbeidsform: Førelesning, individuelt arbeid, diskusjon og rettleiing.
Lærar: Liv Marit Haakenstad
Tlf.: 99 01 82 55
Adresse: Karlsvognen 57, 2315 Hamar
E-post: [email protected]
Heimeside: www.genit.no
Les meir om Liv Marit Haakenstad
https://www.genealogi.no/wiki/index.php/Liv_Marit_Haakenstad
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Påmelding