søndag 2. juli, kl 15:00

Pilfletting

Start dato: 26.06.2023
Slutt dato: 02.07.2023
Kursnr.: 2305
Lærar: Klara Pil
Påmeldingsfrist: 15. mai

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

 

Dette kurset høver både for nybyrjarar og øvde innan pilflettingskunsten. Pil er eit inspirerande materiale å jobbe med.

Det blir undervist i grunnleggande teknikkar i korgfletting, både runde og ovale korger: •Kimning •Forskjellige sideflettingar •Nedleggeing av kant  •Påsetting av hank.

Dei som ynskjer det kan og lage katalanske korger. Det blir ei spanande og annleis korg som passer veldig godt til små nette arbeid. For de øvede vil det og bli mulighet til å nytte andre matereialer enn pil i kurven. En dag av kurset får du høve til å flette inspirerande fletterier til hagen. Kursdeltakarane kan ta med eige verktøy eller du kan og låne eller kjøpe av Klara Pil. Av praktiske årsaker må Klara Pil ha antal påmeldte seinast 2 veker før kursstart. Da blir pilen lagt i bløyt så han er klar til kurset. www.klarapil.no

Kursplan:

Mål: Å lære dei grunnleggande teknikkane innan korgfletting med pil.

Ant. timar m/lærar: 40

Spesielle krav: Kurset høver for nybyrjarar.

Hvis du har flettet litt og har lyst på nye utfordringer vil du finne inspirerende dager på dette kurset.


Studiemateriell:

Ta med skarp kniv, hagesaks, bankejern, kraftig syl og gjerne eit lodd..

Det mogeleg å låne frå lærar for dei som ikkje har verktøy sjølve.

Lærar har bøkar og verktøy til salgs.

Materialforbruket er litt vanskeleg å si noko om då det  vil vera veldig forskjellig kor mykje kvar  einskild flettar. Så dersom vi seier at det kan bli frå ca 500,- til  ca 900,- alt etter kor ivrig ein er og kor  store ting ein flettar.

Du kan få kjøpt verktøy på kurset: Verktøy priser:

Saks  370,-

Syl 590,-

Kniv  250,-


Arbeidsform:

Alle startar kurset med å flette ein rund botn som kan vera utgangspunkt for mange flotte korger.

Ut frå fletteeigenskapane kan deltakarane flette korger etter eige ynskje.

Undervisninga vil bli meir individuell ettersom kurset går framover.

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.


Lærar: Klara Pil

Tlf.:995 56 346
Verkstad adresse: Kvartsvegen 1, 4347 Lye
Postadresse: Fjellvegen 1, 4347 Lye
E-post: [email protected]
Facebook: Klara Pil 
Webadresse: https://www.klarapil.no

Påmelding
Datosøndag 2. juli
Tidspunktkl 15:00 - 12:00