torsdag 26. oktober, kl 15:00

Papirglede i haustmørkret NY

Start dato: 26.10.2023
Slutt dato: 29.10.2023

Påmeldingsfrist: 14. september 
Kursnummer: 2386
Lærar: Borghild Telnes og Else Ljungstrøm

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

 

Når haustmørket senkar seg over oss er det fint å kunne gle seg over å lage noko. Papir er eit materiale vi har rundt oss heile tida, det er lett å få tak i og det skal ikkje mykje til før ein har forvandla det til noko heilt anna! Her kan du dykke ned i og få ein smakebit av den japanske kunsten origami(å brette papir), trykke med enkle materialer, lage kort og små bøker, prøve deg på pop-up mekanismer og lære deg kunsten å brette små og store stjerner på ymse vis. Ting til både kvardagsglede og pynt, fine gåver kan det og vera!

Mål: Lære seg ulike måtar å brette papir, lage trykk på papir, lage kort og små bøker, lære pop-up mekanismer som gir ein ekstra overrasking i kort og små bøker.

Ant. timar med lærar: 20

Spesielle krav:  Ingen spesielle krav til forkunnskaper, bare glede over å lage noe vakkert av papir.

Innhald/dagsplan:

Under kurset vil vi gå i gjennom:

  • Litt origami. Dette er den japanske tradisjonen med å brette papir til bruk i både kvardag og fest. Vi brettar mellom anna haustlauv,traner for lykke og små boksar.
  • Vi prøvar oss på ulike stjerneformer til både bord og oppheng.
  • Vi går frå ark til bok; vi lærer enkle bokformer du kan lage utan mykje utstyr.
  • Du får ein innføring i pop-up mekanismer. Vi skal nytte dei i både kort og bø
  • Vi lagar kort med enkle trykk. Visste du at ein kan lage trykk med både viskelær og juicekartongar?

 Studiematriell:

Du vil få ei materialpakke på kurset. Ho kostar kr.  500  og inneheld papir og kartong i ulike tjukkleikar og kvaliteter som passer til det vi skal lage. Bokpapp , lim, lintråd , trykkfargar.

 

Det er fint viss du tar med deg dette til kurset:

  • God saks til å klippe papir med, gjerne både ei stor og ei lita (til små deltaljer)
  • Skjerematte om du har
  • Blyant til å merke opp med (trykkblyant gir tynnest og mest usynlig strek)
  • Papirskalpell om du har
  • Skrivesaker til å ta notater undervegs

Kurslærar har med alt anna utstyr som du treng, for eksempel falsebein, syl og fargar.

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Fellesundervisning, førelesning og individuelt arbeid med eigen tekst. Gruppa kan bli delt i grunn- og påbyggingskurs dersom det er ynskje om det.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Påmelding


Lærar:
 Else Ljungstrøm
Tlf.: 97702411
Adresse: Chr. H Blomsgate 35, 3717 Skien
E-post: [email protected]
Else Ljungstrøm er på Facebook

Lærar: Borghild Telnes
Tlf.: 48030097
Adresse: Mosasida 226, 3840 Seljord
E-post: [email protected]
Web site: www.firingan.com
Facebook: Firingan Kalligrafi

Datotorsdag 26. oktober
Tidspunktkl 15:00 - 12:00