torsdag 12. oktober, kl 15:00

Middelalderverkstad

Start dato: 12.10.2023
Slutt dato: 15.10.2023

Kursnr.: 2347
Lærar: Borghild Telnes og Else Ljungstrøm
Påmeldingsfrist: 31. august

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

 

Gåsefjøra skrapar mot pergamentet og vakre middelalderbokstavar prydar sidene. Bladgull lyser i skin frå levande ljos. Mineral vert knust til pigmentpulver og bearbeidd til farge. I bakgrunnen høyrer ein gregoriansk song. Ei stemning som denne kunne ein finne i eit av dei mange scriptoria i middelalderen.

På dette kurset tek me deg med på ei reise attende i tida. Du får lære skrifta Gotisk textura, skrive med breidpenn laga av gåsefjør, legge bladgull og lage farge. Det vert lagt opp til skriveøkter i rolege omgjevnader der du får trene på bokstavar og skriveteknikk. Kvar dag vert det verkstadøkter der du får lage utstyr og reiskapar som var i bruk i eit scriptorium. Kurset høver for alle.


Mål:

Kurset gjev deg kunnskap om skrift og handverk slik det vart gjort i middelalderen. Me skal kjenne gleda ved å skape noko med våre eigne hender. Du får skjera di eiga gåsefjør, lage fargar og blekk etter gamle oppskrifter, lære om skrift og lage din eigen middelalderminiatyr på ekte pergament.

Spesielle krav:

Det er ingen krav til forkunnskaper. Men interesse for kalligrafi og dei vakre manuskripta frå middelalderen og korleis dei vart laga er eit godt utgangspunkt! Hvis du har gått dette kurset før, opnar vi for påbygging der du kan fordjupe deg meir i kalligrafi og miniatyrmåling på pergament.

Antal timar: 20

Studiemateriell:

Kursdeltakarane får låne alt dei treng av utstyr og verktøy frå kurslærar. Det blir også ein materialpakke med alt du treng ( gåsefjær,papir,pergament,blekk, fargepigmenter, bladgull, bein og tre til å lage blekkhus og kurskompendium) Materialpakka kostar kr. 400,-.

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Fellesundervisning, førelesning og individuelt arbeid med eigen tekst. Gruppa kan bli delt i grunn- og påbyggingskurs dersom det er ynskje om det.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Påmelding


Lærar:
Else Ljungstrøm
Tlf.: 97702411
Adresse: Chr. H Blomsgate 35, 3717 Skien
E-post: [email protected]
Else Ljungstrøm er på Facebook

Lærar: Borghild Telnes
Tlf.: 48030097
Adresse: Mosasida 226, 3840 Seljord
E-post: [email protected]
Web site: www.firingan.com
Facebook: Firingan Kalligrafi

Datotorsdag 12. oktober
Tidspunktkl 15:00 - 12:00