søndag 31. oktober, kl 19:00

Lærarbeid, design og teknikkar

Start dato: 28.10.2021
Slutt dato: 31.10.2021
Kursnr.: 2196
Lærar: Marco Vargas
Påmeldingsfrist: 16. september

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

Bruk av lær har eksistert i mange århundre. Lær er eit sterkt, og samtidig fleksibelt materiale, som har blitt brukt til mykje i daglege gjeremål. Det er eit nyttig, allsidig og venleg materiale å arbeide med. Handverk innan lær har endra seg lite, og fleire av arbeidsteknikkane er dei same nå som før. Dette kurset er for deg, nybyrjar og/eller entusiast, som vil eksperimentere, skape og oppdage eigenskapane som dette gode og naturlege materialet har. Målet er å lære seg dei grunnleggende teknikkane innan lærarbeid, slik at du kan få eit godt grunnlag for å jobbe sjølvstendig seinare. Her definerer ein grunnleggende teknikkar som dei prosessane som blir utført med handverktøy, som f.eks sying for hand og ikkje for maskin. Ein slik prosess er heilt essensiell, fordi det inneber ein direkte kontakt med og ei betre forståing av materialet.

Kursplan: Arbeidsprosessen består av hovudsakleg to delar.

  1. ei kort innføring om prosessen (handtverk innan lær), materiala og verktøya som brukast, og korleis ein går vidare når ein lagar ein mal (mellomleddet mellom ide og gjenstand).
  2. Hovuddelen består av den praktiske prosessen med å utføre prosjektet til ferdig produkt: kutting/skjæring, klargjering, sying, behandling og beskyttelse av lær som skal brukast, etterbeshandling. .

Mål: Målet med kurset er å gje deltakarene grunnleggande og nødvendig kunnskap for å fortsetje å arbeide i lær på eige hand seinare.

Spesielle krav: Ingen spesielle krav. Undervisningstimar: 22

Innhald/dagsplan:

På kurset får du moglegheit til å velje mellom tre ulike produkt:

Belte, korthaldar og veske/verktøybag.

Målet i seg sjølv er ikkje å produsere mest mogleg, men å setje seg grundig inn i ulike teknikker og arbeidsmetodar. Dagsplanen vil avhenge av korleis ein ligg an i arbeidsprosessen.

Studiemateriale og verktøy:

  • Arbeidsmaterialet for dei små gjenstandane består av forpart/side med ein tjukkelse på cirka 1,0-1,2mm, og forpart med en tjukkelse på cirka 2,6-2,8 mm (bagen) og 3.0-3.2mm (belte).
  • Læret kan bli kjøpt på kurset hvis de vil, og prisane varierer mellom 500 og 1500kr for dei forskjellige prosjekta.
  • Verktøy: Verktøy kan du velje å ta med sjølv, ellers så kan du anten leige (500kr) eller kjøpe ei fullstendig verktøypakke (2500 kr)

Verktøypakka inneheld: – Lærsaks – Kniv – Kantskjærer – Hullpipesett – Gummiklubbe – Syrille – Salmakernåler nr1/0 og 2/0 – Hullpipe, runde 3mm – Kantpolertre

 Arbeidsform:

Som hovudregel blir det fellesundervisning på kurset, men det er stort rom for individuell opplæring. Ein jobbar med ulikt tempo, og med ulike produkt, så individuell tilpasning er heilt naudsynt.

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

 Lærar: Marco Vargas  Adresse: Øyfjellvegen 1681, 3890 Vinje

Telefonnummer: +4791857249

e-postadresse:[email protected]

www.facebook.com/Fønvind

www.facebook.com/marcovargasmusicalinstruments

Datosøndag 31. oktober
Tidspunktkl 19:00 - 15:00