torsdag 31. oktober

Kveding, tradisjonell song frå Telemark

Start dato: 31.10.2019
Slutt dato: 3.11.2019
Kursnr.: 1948
Lærar: Ingebjørg Lognvik Reinholdt
Påmeldingsfrist: 19. september

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

Kurset passar for folk i alle aldre – enten du har sunge mykje eller er nybegynnar innan songfaget. Kurset blir ei uhøgtidelig samling der vi skal skal synge oss gjennom stubbar, viser, stev, ballader og slåttestev. Vi skal lære om kveding, om stiltrekk og historie, og nokre av historiane, segna og skikkane som høyrer til. Vi skal også leike litt med folkemusikalske stiltrekk og tekstar, og lære nokre triks for å synge fritt og sunt på sin eigen måte, med si eige stemme. Og sidan det byrjar å nærme seg jol, blir det også ein sveiv innom dei herlege joletradisjonane og songane som høyrer til. Både dei sakrale, dei overnaturlege og dei meir jordnære.

Fokuset blir på Telemarkstradisjon, som lært gjennom Ragnar Haugstøl, Agnes Buen Garnås, Sondre Bratland og Øyonn Groven Myhren, og arkivkjeldene Kari Dale og Aslak Brekke. Der er også rom for å ynskje seg noko. Om du har spørsmål om innhaldet i kurset, send gjerne ein mail til [email protected]. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 19. september.

Spesielle krav: Det trengs ingen forkunnskaper, berre interessa for å lære er til stades

Studiemateriell:
Deltakarane må ha med noko å notere med og på. Ellers kan det vera greit å ha med enkelt opptaksutstyr, sidan det ikkje vil bli arbeidd så mykje med noter.
Dei fleste smarttelefonar har ein opptaksapp. innebygd.

Innhald/dagsplan:

Torsdag 19-21. Fyrst felles informasjon deretter startar undervisninga

Fredag og laurdag  8.30-16.00, Sundag: 0830 – 15.00.

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Fellesundervising og individuell rettleiing.

Pris kurs: kr 4000,-   Opphald og mat 3 døger kr 3270,- (1090 per døger)

Lærar: Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Tlf.: 95 80 33 30

E-post:    [email protected]

Web side: http://www.ingebjorg.no/

http://www.ingebjorg.no/video/

https://www.facebook.com/ingebjorglognvikreinholdt/

Om Ingebjørg:

Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein kvedar frå Seljord i Telemark. Mens andre ungar høyrde på Michael Jackson og dansa til Scatman, gjekk seks år gamle Ingebjørg opp til Ragnar Haugstøl og lærde seg gamle Seljordsviser. Sida den gong har ho heldt konsertar og kurs, samt fordjupa seg i folketradisjonane. Ingebjørg er utdanna folkemusikar og pedagog ved Høgskolen i Sørøst-Noreg og Norges Musikkhøgskole. Ho har opptrådd mykje heilt solo frå ung alder. Ho meiner dette enkle og reine formatet er noko vi treng i dagens støyande samfunn. Men ho opptrer også med band, i forestillingar, i vokalduo og som solist. Gjennom kurs lærer ho også bort folkesong og forteljingsglede til liten og stor. Det unike i alle menneskestemmer er ei viktig inspirasjonskjelde hos Ingebjørg, og ho er ein sterk forkjempar av at alle kan, og bør, synge. Ho syng alt frå freidige stev til mørke middelalderballadar, og er oppteke av historiane bak songane og funksjonen dei har hatt for folk. Ingebjørg forelska seg tidlig i melodiane, og korleis folkesongane sine humoristiske, vakre og mørke skildringar fangar livet i all sin galskap.

Dette ynskjer ho å gje vidare.

Datotorsdag 31. oktober
TidspunktHele dagen