søndag 23. juli, kl 15:00

Korgfletting, ulike teknikkar. NY

 

Start dato: 17.7.2023
Slutt dato: 23.7.2023
Lærar: Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø
Kursnummer: 2322
Påmeldingsfrist: 5. juni

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt

Påmelding

I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typer korger i splitta materialer. Ein delte pinner for å gjere dei smidige nok, og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinner like, så dei må bearbeides for å verte jamne og like nok til å setja saman til ei korg.

På dette kurset kan du velge mellom å flette ein vedmeis og eit kolvfat/flisfat.

 

Mål: Deltakerne skal være i stand til å hauste og splitte pinner og foredle dei til flettemateriale, samt sette saman og flette ei korg.  

 

Ant. timar med lærar: 40

 

Spesielle krav: Passer for alle, men er litt tungt for hendene

 

Innhald/dagsplan:

Mandag:

Introduksjon, vi ser på forskjellige korgtyper. Vi bøyer ramme og handtak til korgene.

 

Tirsdag:

Vi ser på korger og materialer og lærer forskjellige teknikker for å dele og bearbeide dei. Og begynner å splitte materiale til korga.

Onsdag:
Vi splitter vidare, det skal lages nok materiale til spiler og fletteband til å sette saman korga. Dei som skal lage kolvfat/flisfat begynner så smått å flette

Torsdag:
Vi splitter vidare. No er sansynlegvis dei som skal lage vedmeiser klar til å sette isaman korga

Fredag:
Vi splitter og fletter

Lørdag:
Og splitter og fletter enno meir. Idag er det tid for kant på vedmeisen.

Søndag:
Gjere ferdig kant og avslutte korgene.

Undervisningstid.

Kursa startar med fellesmøte kl. 1515 første dag og undervising kl. 15.30-18.30. Deretter er det undervising kl. 08.30-16.00. Verkstadane er ope utan lærar på kvelden. Det er undervising kl. 8.30-12 siste dagen.

 

Under kurset vil vi gå i gjennom:

I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typer korger i splitta materialer. Ein delte pinner for å gjere dei smidige nok, og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinner like, så dei må bearbeides for å verte jamne og like nok til å setja saman til ei korg.

Denne bearbeidinga gjeres for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om ein kan bruke mange forskjellige materialer. På kurset vil ein lære å splitte og dele forskjellige materialer som selje, hassel, hegg, vier, pil og einer og bearbeide dei til flettemateriell. Ein vil lære å flette og forme ein vedmeis eller eit kolvfat/flisfat.

Vedmeisen var vanleg på hedmarken og er ei spesiell korg oppbygd av to boger som danner både føter og handtak. Det er ein tidkrevende korg, og ei utruleg fin korg!

Kolvfat/flisfat er ei rammekorg som var vanleg i Alvdal og områdene rundt og i Larviksområdet. Det er litt forskjellige variantar av den, nokre stader i Sverige lages den i gran, men det vanligste i Norge har vore hassel og selje eller vier.

Hege Iren Aasdal har svennebrev som korgmaker og er i 2020-2023 stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt. Ho er stolt over å kunne vidareføre eit gamalt handverk, og er engasjert i å lære meir om handverket, materialene og dei lokale tradisjonane. Som stipendiat jobbar ho med fletta korger i splitta materiale og gler seg over det store mangfaldet av korger som har vore laga oppigjennom tidene!

Samson Øvstebø har laga kiper og holdt på med trearbeid i over 25 år, og har holdt utallige kurs. Han er veileder for Hege i stipendiatarbeidet og har samarbeida med ho i fleire prosjekt i regi av Norsk Handverksinstitutt med å gjenskape tradisjonelle korger som vedmeis, aktarkorg og snik. Han har arbeida mest i brakje (einer) men jobbar no med mange treslag og har mykje erfaring på deling og fletting med forskjellige tresorter. Han har også jobba med å lage tau av lindebast og vidareformidla den kunnskapen.

 

Studiematriell:

 

Ta med kniv og hagesaks, arbeidsklær. Det er sakser og kniver for salg på kurset også

Emne til korg: 600,-

Arbeidsform:

Alle startar kurset med å flette ein rund botn som kan vera utgangspunkt for mange flotte korger.

Ut frå fletteeigenskapane kan deltakarane flette korger etter eige ynskje.

Undervisninga vil bli meir individuell ettersom kurset går framover.

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Påmelding

 

Lærar: Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø
Tlf.: Hege: 97655391 Samson: 90040623
Adresse: Hege: Klyvevegen 65, 5612 Steinstø Samson: Stabburshaugen 29, 5460 Husnes
E-post: [email protected], [email protected]
Facebook: https://www.facebook.com/KurvmakerHegeAasdal
Instagram: https://www.instagram.com/kurvmaker_hege_aasdal/
https://www.instagram.com/samsonovstebo/

Datosøndag 23. juli
Tidspunktkl 15:00 - 12:00