- morten håkonsen
- lodding
Start dato: 19.07.2021
Slutt dato: 25.07.2021
Lærar: Morten Håkonsen
Kursnr: 2142
Påmeldingsfrist: 7. juni
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Les korleis du kan få 10% rabatt!
PåmeldingPå kurset vil du lære heile prosessen med å lage ein bunadskniv med sølvbeslag. Ein sølvholk på skaftet eller og ein sølvholk på slira. Skaft av valbjørk med smidd knivblad.
Innhald:
Skjera til slira, bløyting og holstikking, sying, dekor og overflatebehandling. Skaftarbeid med val av material, forming, skjefting, tilpassing av holker og overflatebehandling. Sølvarbeid: Lage ein holk på skaftet og ein på slira. Lage hengsel for oppheng på slireholken med tilpasning og lodding. Polering og etterbehandling av sølvbeslaga. Kurset høver best for dei som har laga kniv før og erfaring frå sølvarbeid er ikkje nødvendig.
www.mhkniv.no Materialkostnad kr 2500,-
Kurs måndag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 8. juni
Kursplan:
Mål:
Du vil lære å lage staskniv med sølvbeslag.
Ant. timar med lærar 42
Spesielle krav:
Du bør ha laga bruksknivar tidligare.
Innhald/dagsplan:
Studiematriell:
Du får låne eller kjøpe naudsynt verktøy av lærar.
Men ta med det du har av privat verktøy.
Husk å merk privat utstyr og verktøy med namn.
Materialkostnad per kniv ca. kr 2500,-
Vi gjer merksam på: Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og frå trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Arbeidsform:
Det vil bli lagt vekt på gruppeundervisning med individuell rettledning.
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Lærar: Morten Håkonsen
Tlf.: 99797996
Adresse: Kjørbekkdalen 1, 3735 Skien
E-post: [email protected]
Web site: www.mhkniv.no.no