fredag 29. september, kl 15:00

Kalligrafi

 

Start dato: 28.9.2023
Slutt dato: 2.10.2023
Lærar: Borghild Telnes
Kurs nr: 2351
Påmeldingsfrist: 17. august

LEDIG PLASS!

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

 

Kurset gjev innføring i kalligrafi. Vi tek for oss ulike skrifttyper innan vestleg skrivekunst. Det vert lagt mest vekt på italic (renesansekursiv); ei skrifttype som passar godt til invitasjonar, helsingar og liknande. I tillegg blir det undervist i layout og skrifthistorie. På kurset trenar vi på skrifttyper og bokstavformer og arbeider med enkle prosjekt der du brukar bokstavar og skrift (kort, enkel bokbinding o.l).  Dersom du har noko kunnskap om faget frå før, kan du arbeide med eigne prosjekt eller få rettleiing på det nivået du er på. Du får kjøpt materiell på kurset, men ta med det du har av kalligrafipennar, pennesplittar, blekk og vassfarge. Materiellkostnad: ca 300-400 kr.


Kursplan:

Mål: Kurset skal gje deltakarane ei  innføring i kalligrafi. For dei som kan litt skal kurset gje påfyll og høve til å koma eit steg vidare med kalligrafi.

Ant. timar med lærar: 20

Spesielle krav: Kurset høver for nybyrjarar og dei som har prøva litt.


Studiemateriell:

Utstyr du kan kjøpe på kurset:

2 penneskaft. 3-4 stk pennesplittar i ulike bredder, trykkblyant til 0,5 eller 0,7 blyminer, blekk, limstift, diverse papir og farge du brukar på kurset og kurskompendium. Materialutgifter ca. Kr 300 – 400.

Anna du kan ta med dersom du har: Vinkellinjal, rett linjal, anna kalligrafiutstyr, teikneutstyr og maleutstyr ( t.d. fargeblyantar, akvarellfargar, gouachefargar / dekkfargar)

 

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.


Arbeidsform:
Fellesundervisning og individuell rettleiing.


Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid


L
ærar:        Borghild Telnes

Tlf.:              Mob. 48030097

Adresse:     Mosasida 226, 3840 Seljord

E-post:        [email protected]

Web site:    www.firingan.com

Facebook:  Firingan Kalligrafi

Sjå bilete frå utstilling i Japan som Borghild var med på hausten 2016: https://www.facebook.com/borghild.telnes?fref=ts

Datofredag 29. september
Tidspunktkl 15:00 - 12:00