søndag 1. november, kl 19:00

Julemat, pølser og trad. rettar

Start dato: 29.10. 2020

Slutt dato:   1.11.2020

Påmelingsfrist: 17. september

Lærar: Wibo van der Schuur

Kursnummer 2080

Kurset er avlyst

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

Bli med Wibo og lag jolematen sjølv. Då kan du få fram dei smakane du likar best. På kurset vil du lære å lage spekepølser, middagspølser, sylte, leverpostei, patè, rull m.m.

Du lærer basisoppskrifter som du kan bygge på med eigne krydder og smakar.

Wibo er frå Nederland, var tidlegare tilsett på Vinje Slakteri, nå bur han i Spania. Han tek turen til Rauland for å lære bort dei gode triksa.

Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 17. september.

Spesielle krav: Ingen

Antal timar 22

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid

Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Fredag og laurdag: kurs 0830-1600.  Sundag : kurs 0830-1500. Lunchpause 1200-1245

Studiematriell:

Ta med skrivesaker.

Ta med skaut, forkle og gode sko.

Ta med ein skarp kniv.

Ta med emballasje og plastposer til ferdige matvarer.

Ta med vakumeringsmaskin dersom du har.

Vi har nokre kjøttkverner og pølsestapperar på Raulandsakademiet. Dersom du har dette utstyret heime, kan det vera lurt å ta det med for å unngå for mykje venting.

Husk å merk alt privat utstyr med namn.

Dersom du har spesielle ynskje, kan du ta kontakt med Wibo og spørje om det blir tid til å litt ekstra.

Råvarekostnad. Du må rekne ca 2500 til råvarer. Råvarekostnaden blir rekna ut siste kursdag og betalast i resepsjonen på Raulandsakademiet.

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Fellesundervising og individuelle rettleiing.

Pris: Kurs kr. 4200.- Opphald og mat 3 dager kr 3450.- (1150,- pr døger, kurspakke)

Lærar: Wibo van der Schuur

tlf: 0031614534328

E-post adresse: [email protected]

eller

[email protected]

 

Datosøndag 1. november
Tidspunktkl 19:00 - 15:00